Rettleiar - utfordringar i læretida

13 Spiseforstyrring

Det er ein glidande overgang mellom å vere opptatt av ernæring og helse, og når det går over i eit problematisk forhold til kropp og mat. Når tankar, følelsar og handlingar om kropp, utsjåande og kosthald går utover livskvalitet og korleis lærlingen fungerer i kvardagen, snakkar vi om ei spiseforstyrring. Vi kan dele spiseforstyrringa inn i tre kategoriar: Anoreksi er lavt matinntak, gjerne i tillegg til overdriven fysisk aktivitet, og påfølgande stort vekttap. Bulimi er overeting med påfølgande tiltak for å hindre vektauke som til dømes å kaste opp. Overspisingslidelse handlar om ukontrollert matinntak anten i form av stort kaloriinntak på kort tid, eller kontinuerleg småeting, utan å kvitte seg med maten i etterkant slik som ved bulimi. Spiseforstyrringane bulimi og anoreksi blir gjerne utvikla i ungdomsalder.

Internett og sosiale media bidreg til auka fokus på kropp og kroppspress, og eit aukande antal ungdommar søker hjelp for spiseforstyrringar. Mange med spiseforstyrringar har lavt sjølvbilete og negative tankar om seg sjølv. Spiseforstyrringar er ofte ein måte å handtere vanskelege følelsar på, og kan gi ei oppleving av meistring og kontroll. Angst og depresjon kan vere årsak eller kome som ein konsekvens av spiseforstyrringa. Lærlingar med spiseforstyrringar vil i dei fleste tilfelle ha behov for behandling. 

Korleis kan spiseforstyrringar utarte seg? 

Fysiske teikn:

  • Vektendring
  • Hovudpine, magesmerter, svimmelheit, frys lett
  • Auka hårvekst og manglande menstruasjon
  • Konsentrasjonsvanskar og trøyttheit 

Humør og åtdferd:

  • Overdriven fokus på trening, eller unngår fysisk aktivitet
  • Rigide daglege rutinar
  • Sosial tilbaketrekking og tap av interesser 

Teikn knytt til mat:

  • Overdriven oppteken av mat.
  • Et lite eller overdrivent mykje, eventuelt med påfølgande oppkast.
  • Ønsker å ete for seg sjølv, eller et sakte.
  • Stadig fleire matvarer blir «forbode», et mykje pastillar, eller drikk store mengde kalorifattig drikke. 

Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 

  • Legg til rette for opne samtalar med lærlingen om korleis sosiale media kan påverke kroppsbilde negativt.
  • Ha fokus på å ha ei hyggeleg spisestund.
  • Dersom du observerar eller får kjennskap til fleire av teikna beskrive over samtidig, og blir uroleg for ein lærling, bør du snakke med lærlingen og eventuelt føresette.
  • Det bør bli avklart om lærlingen skal motta profesjonell hjelp, og om det er noko opplæringskontoret eller lærebedrifta treng å vite for å støtte opp om behandlinga.
  • Dersom lærlingen ikkje mottek hjelp, kan helsesjukepleiar/helsestasjon for ungdom gjerne vere første hjelpeinstans.
  • Det kan også vere nødvendig å informere eventuelle andre lærlingar og kollegar om situasjonen dersom tilstanden er alvorleg.