Rettleiar - utfordringar i læretida

14 Stress

Det er samanheng mellom grad av stress, læringsutbytte og åtferd. Ein for høg grad av stress vil føre til aktivering av det sympatiske nervesystemet, og lærlingen kjem i ein “kjemp, flykt eller frys-tilstand". Det er svært varierande kor mykje eller lite stress den einskilde lærling er i stand til å takle før stresset medfører dårleg læringsutbytte, fysisk ubehag og mistrivsel på arbeidsplassen. Ein god relasjon mellom instruktør og lærling er nyttig i denne samanhengen for å finne ut lærlingen si toleranse for stress.

Høye forventningar til eigne prestasjonar på arbeidsplassen, langvarige bekymringar knytt til fagleg meistring, vurderingssituasjonar, eller strev knytt til dokumentasjon av læremål kan føre til stress for lærlingen. Sosiale forhold på arbeidsplassen knytt til arbeidsmiljø, mobbing, og manglande inkludering, eller strev i relasjon til kollegar og instruktør, kan bidra til ytterlegare stress. 

Korleis kan stress utarte seg? 

  • Fokus på prestasjon.
  • Eit negativt/pessimistisk fokus på eigne moglegheiter.
  • Blir engsteleg og irritert.
  • Fullfører ikkje arbeidsoppgåvene innan fristen.
  • Er ikkje i dialog med instruktør om oppgåver undervegs, men venter med “å vise dei fram” til dei er ferdige.
  • Vanskar med konsentrasjon og å halde fokus.
  • Lærlingen isolerar seg sosialt.
  • Lærlingen har fysiske symptom som hovudpine og magesmerter.
  • Søvnvanskar, blir sliten og i verste fall utbrent.
  • Lite progresjon i læringa.
  • Aukande fråvær. 

Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 

  • Organiser arbeidsdagen på ein ryddig måte slik at lærlingen veit kva som er forventa i løpet av ein dag.
  • Tilpass arbeidsbelastninga til den aktuelle lærlingen.
  • Prøv å dempe fokuset på prestasjon gjennom å skape eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Ha fokus på å etablere og vedlikehalde ein god relasjon til lærlingen.
  • Hjelp lærlingen med å sortere, prioritere og organisere arbeidsoppgåver.
  • Gi støttande og oppmuntrande kommentarar.
  • Skap forutsigbarheit og oversikt.
  • Hjelp lærlingen med å fordele arbeidsbelastninga.
  • Hjelp lærlingen til å sjå si eiga faglege utvikling og framgang.