Rettleiar - utfordringar i læretida

11 Traumer

Ulykker, dødsfall og valdtekt er døme på potensielt traumatiske hendingar. Psykiske traumereaksjonar kjem av opplevingar som er så overveldande, intense og uforståelege at hjernen ikkje greier å arbeide med inntrykka på vanleg måte. Dersom desse reaksjonane på ein mogleg traumatisk hending er kraftige, vevarar over tid og går utover korleis lærlingen fungerer, kan det vere snakk om diagnosen post traumatisk stressliding, PTSD. Også mindre alvorlege opplevingar kan føre til at barn og unge utviklar symptom på PTSD. Det vil seie at dei normale reaksjonane menneske får i møte med noko som er skremmande ikkje går over, men at kroppen fortsett å oppføre seg som om den er i fare. Når slikt traumatisk stress varer over tid, som ved omsorgssvikt, mobbing, krig og flukt eller gjentatte overgrep, kan barn og unge få utviklingstraumar. Mange negative erfaringar kombinert med mangel på gode erfaringar pregar utviklinga av ein ung hjerne. Utviklingstraumar gir diffuse symptom og vanskar med å regulere følelsar og åtferd.

Nokre av dei unge som har opplevd traume uttrykker smerta dei har inni seg gjennom åtferd som utfordrar oss. Det er lett å føle avmakt ovanfor ungdom med tung bagasje, men forsking viser at gjentatte erfaringar med trygge og omsorgsfulle vaksne er svært viktig for unge som har opplevd store belastningar. Å føle seg ivareteke av instruktørar og kollegar i læretida kan ha stor betydning for lærlingen sitt vidare arbeids- og vaksenliv. 

Korleis kan traumereaksjonar utarte seg? 

  • En nyleg oppstått traumereaksjon kan bli oppdaga ved at lærlingen, tilsynelatande uforklarleg, endrar åtferd eller begynner å prestere dårlegare enn før.
  • Dersom minne om den traumatiske hendinga blir trigga kan det aktivere både følelsar og åtferd som verker overdriven og uforståeleg for omgjevnadane.
  • Unngåelseåtferd; lærlingen prøver å unngå det som minner om det vonde som har skjedd.
  • Menneske med traumereaksjonar kan:  ha vanskar med å få tillit til instruktørar og kollegar, vere skvetten og på vakt, ha spenningar og stress i kroppen, ha vanskelege følelsar som tristheit, redsel og sinne, oppleve trøyttheit eller ha konsentrasjonsvanskar 

Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 

  • Hjelpe til med å identifisere triggarar (luktar, lydar, situasjonar) som utløyser negative emosjonelle reaksjonar hjå lærlingen.
  • Legge til rette for at lærlingen kan øve på det som er vanskeleg i samarbeid med behandlar dersom lærlingen går til behandling.
  • Informer dei andre som møter lærlingen på arbeidsplassen (etter samtykke). Det gir lærlingen større grad av tryggheit og forutsigbarheit.
  • Avtal med lærlingen kva hen kan gjere når ting blir vanskeleg, til dømes å gå til ein bestemt stad, få ein kort samtale, høyre på musikk, bruke mobilen eller liknande.
  • Ikkje ta for gitt at lærlingen reagerar på ein aldersadekvat måte i stressande situasjonar, men hjelp til med ytre regulering og støtte.