Rettleiar - utfordringar i læretida

9 Tristheit og depresjon

Å vere trist er vanleg, og er ein naturleg reaksjon på noko konkret som har skjedd, eller summen av fleire ting over tid. Ein kan vere trist i mange dagar, eller over fleire veker. Først når lærlingen har vore trist over ei viss tid, og det går utover lærlingen sin funksjon i dagleglivet, kan vi kalle tilstanden for ein depresjon. Ein depresjon fører til betydeleg endring i humør, som vil påverke alle aspekt av livet og korleis ein fungerer dagleg. Det er som om eit grått teppe har lagt seg over tankesett, motivasjon og initiativ. Dette gir også fysiske utslag, og både søvn, appetitt og energinivå kan bli endra. Ungdom som er deprimerte, føler ofte på håpløyse og skuldfølelse.   

Korleis kan tristheit og depresjon utarte seg? 

  • Nedsett stemningsleie.
  • Redusert energi og auka trøttheit.
  • Søvnvanskar er vanleg og kan føre til fråvær.
  • Grubling og pessimistiske tankar.
  • Lærlingen kan vise mindre interesse og engasjement for ting hen tidlegare var opptatt av.
  • Kan verke umotivert og usikker på yrkesvalet.
  • Trekker seg tilbake sosialt.
  • Blir lettare irritert. 

Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 

  • Du kan først snakke med lærlingen, og prøve å finne ut lærlingen si oppleving av situasjonen.  Bruk tipsa om korleis du gjennomfører den gode samtalen.
  • Prøv å kartlegge nettverket til lærlingen og om lærlingen har nokon å snakke med.
  • Grubling er ein faktor som opprettheld depresjon. Ein trur at ein kan tenke seg ut av problema og det som er vanskeleg. Som instruktør kan du anerkjenne og lytte til lærlingen, samtidig som du kan prøve å bryte dette mønsteret.
  • Dersom lærlingen er deprimert er det viktig å halde kroppen i gong, og stimulere til aktivitet sjølv om det kan kjennast tungt. For nokon hjelper det å ha samtale medan det for andre er mest viktig med lystvekkjande aktivitetar.
  • Det er viktig at du som instruktør viser støtte, oppmuntring, og at ein kan sette lågare krav i ein perioden om det er mogleg. Det kan vere nyttig for lærlingen å få informasjon om samanhengen mellom depresjon og funksjon i kvardagen og på arbeid.