Rettleiar - utfordringar i læretida

1 Utfordringar i læretida

I læretida kan det oppstå ulike utfordringar, og det kan vere vanskeleg å finne ut kva som eigentleg ligg bak. For å førebygge konfliktar er det viktig å skape ein god relasjon prega av tillit mellom deg og lærlingen. Det er viktig å ha ei plan for oppstarten av lærlingen, og eit godt mottak når hen startar. God planlegging og forståelse for at lærlingen treng tid for å tilpasse seg til arbeidslivet, kan gjere overgangen frå skole til bedrift til ein god opplevelse. Dette kan bidra til at lærlingen føler seg trygg på å dele eventuelle utfordringar hen har. Du kan bruke fylkeskommunen sin mal for oppstartssamtale når lærlingen startar i bedrifta di (DOCX, 107 kB)

Som instruktør er du nok viktigare enn du trur for lærlingane. Du kjem tett inn på dei, og kan oppdage ting som gjer deg bekymra. Det kan vere høgt fråvær, endra åtferd eller manglande motivasjon og energi. Du ser lærlingen dagleg og er kanskje ein av dei første vaksne som ser at lærlingen strevar. Nokre utfordringar kan vere lettare å behandle om dei blir oppdaga tidleg, og tiltak som blir sett inn i kvardagen til lærlingen kan vere dei mest nyttige tiltaka.

For mange lærlingar er læretida det første møte med arbeidslivet, og overgangen frå skole til arbeidsliv kan vere krevjande. Lærlingane er unge, og det er forventa at lærlingen skal ta eit stadig større ansvar for livet sitt. Etter kvart som lærlingen utviklar seg må oppgåvene og ansvaret auke i takt. Dersom krava og forventningane til lærlingane ikkje stemmer overeins med utviklingsnivået og biletet lærlingen har av seg sjølv, kan det skape utfordringar.

Yrkesidentiteten til lærlingen blir skapt når lærlingen identifiserer seg med kollegar og får tilbakemelding på arbeidet, som igjen påverkar sjølvbiletet og sjølvfølelse. For at lærlingen skal utvikle ein god og trygg yrkesidentitet er det viktig at lærlingen føler seg som ein viktig del av arbeidsmiljøet og blir akseptert og inkludert på arbeidsplassen. Lærlingen må få konstruktive tilbakemeldingar, oppleve meistring av arbeidsoppgåver og arbeidskvardag.