Søke læreplass

Når du skal søke læreplass hos ei bedrift, må du gjennom fire steg.

1. Registrer læreplassønsket på Vigo

  1. Registrer læreplassønsket på vigo.no. Logg inn med din BankID.
  2. Søk så mange lærefag som mogleg, det gir deg større moglegheit for å få læreplass. 
  3. Last opp ein generell søknad og CV på Vigo, som lærebedriftene kan sjå.
  • 1. mars er frist for lærlingar
  • 1. februar er frist for lærekandidatar

Vigo.no åpnar for å registrere læreplassønsker i byrjinga av januar. 

Kven kan søke læreplass? 

 For å søke læreplass, må du vere folkeregistrert i Møre og Romsdal innan 1. mars.

Kva for fag kan eg søke læreplass i?

Du kan søke læreplass i alle lærefag som bygger på det utdanningsprogrammet og det programområdet du har gått.

2. Send søknad og CV

Sjølv om du har registrert deg på vigo.no, må du òg sende søknad og CV til dei lærebedriftene og opplæringskontora du ønsker læreplass hos. 

Finn godkjende lærebedrifter i Møre og Romsdal

Nyttige tips for å få læreplass

    • Sjekk stillingsutlysningar på finn.no, jobbnorge.nonav.no og webcruiter.com
    • Spør om nokon kjenner til bedrifter som ønsker lærling
    • Sjekk om bedrifta der du var utplassert i faget Yrkesfagleg fordjuping treng ein lærling, om ikkje så kan du spørre om du kan bruke bedrifta som referanse.

3. Følg opp søknadene dine

  • Følg opp søknadane du har sendt heilt til du får eit svar.
  • Svar på alle førespurnader frå bedrifter og fylkeskommunen.
  • Det er bedriftene som tilset lærlingar og lærekandidatar og bestemmer kven som skal få læreplass, ikkje fylkeskommunen.

4. Intervju

  • Førebu deg til intervjuet. 
  • Ver aktiv og vis at du har lyst på jobben.
  • Om du ikkje høyrer frå bedrifta innan 1-2 veker etter intervjuet, kan du ta kontakt og etterlyse svar.

Har ikkje bedrifta hatt lærling før?

Be bedrifta ta kontakt med fylkeskommunen for å søke om å bli godkjent som lærebedrift.