Betaling og utlegg

Som prøvenemnd får du honorar for gjennomføring av prøver. Tapt arbeidsfortjeneste kjem i tillegg til honorar. Du får også dekt reiseutlegg. 

Innhald på sida

Dette har du krav på

Som prøvenemndsmedlem får du

  • honorar for gjennomføring av prøver
  • godtgjersle for møter som er avtalt med fylkeskommunen
  • reisegodtgjerlse etter staten sine satsar for nødvendige reiser innanfor avtalt område
  • tapt arbeidsforteneste kjem i tillegg til honorar. Ulegitimert tapt arbeidsfortjeneste blir dekt med 1700 kroner per dag, kr 850 kroner for halv dag.

For utbetaling av honorar, reiserekningar og utlegg må du registrere kravet i Visma Expense. 

Satsar

Honorar for prøvenemnder
OppgåveKroner
Leiar ved prøve2800 kr
Medlem ved prøve2000 kr
Fordeling av prøve (leiar fordeler, men deltek ikkje på prøva)200 kr
Generelt møte (etter avtale med fylkeskommunen)400 kr
Leiar ved prøve for fleire kandidatar samtidig, frå og med femte kandidat1400 kr
Medlem ved prøve for fleire kandidatar samtidig, frå og med femte kandidat1000 kr

Honoraret dekkjer

  • dialog med bedrift og kandidat
  • innkalling
  • utarbeiding av oppgåver og vurderingskriterier for prøva
  • samarbeid mellom prøveleiar og prøvemedlem før prøva
  • Inspeksjon av prøvestad

Honorar dekkjer ikkje

  • fysisk befaring av prøvestad før prøva
  • reiser i samband med prøvegjennomføring
  • gjennomføring av prøva

Nytt medlem deltar på opplæring

Dersom nytt medlem i nemnda deltar på opplæring i nemnda, blir tapt arbeidsfortjeneste og reiseutgifter dekt. Opplæringa må vere avtalt med fylkeskommunen på førehand.

Registrerer honorar, utlegg og reiser i Visma Expense

Du må registrere reiserekning og honorar i Visma Expense så snart oppdraget er ferdig og protokollen er signert. Prøveprotokollen må vere signert digitalt før fylkeskommunen betalar honorar og refunderer andre utlegg. Prøvenemndsmedlemmene bør sende reiserekning seinast tre månader etter at prøva er gjennomført.

Slik gjer du det: 

  1. Registrer honorar, utlegg og reiseregning i Visma Expence
  2. Ved pålogging første gong: Legg inn e-post i feltet «E-postadresse». Klikk på «gløymt passord» og følg prosessen vidare.
  3. Last ned appen Visma Employee på mobiltelefonen din, bruk telefonen og ta bilete av kvitteringane. Eventuelt kan du skanne kvitteringane og legge dei ved reiserekninga i Visma. 

Søk om godtgjering for tapt arbeidsforteneste

Du kan søke om godtgjering av tapt arbeidsfortjeneste ved å fylle ut skjema og laste opp som vedlegg til reiserekninga i Visma Expense. Dersom du har permisjon med løn for å gjennomføre oppdrag i prøvenemnd, kan arbeidsgivar sende faktura for refusjon for utbetalt løn. 

Reise og diett

Fylkeskommunen dekkjer reise og diett etter KS sine satsar. Betalte utlegg til ferge, parkering, buss, tog, taxi og fly må dokumenterast. Når det gjeld bom, så må du berre leggje ved kvittering når beløpet er over 100 kr.

Kostgodtgjersle - reiser utan overnatting

For å få kostgodtgjersle må du ha vore borte i meir enn 6 timar. Reise under 30 km gir ikkje rett på kostgodgjersle. Du må spesifisere klokkeslett start/slutt og distanse for kvar dag dersom du krev kostgodtgjersle.

Overnatting

Det må vere reisetid på minst 1,5 time kvar veg for at overnatting på hotell blir dekt av fylkeskommunen. Fylkeskommunen har hotellavtaler med fleire hotell som skal nyttast i dei tilfelle du treng overnatting. Overnatting på hotell må du avklare med fylkeskommunen på førehand.

Utbetaling

Det er utbetaling den 12. kvar månad. For at du skal få utbetalt den 12. i påfølgande månad, må du sende reiserekninga innan 25. i månaden før. Lønnslipp blir sendt til Digipost.