Vi ser etter deg som er klar for å dele erfaringa og kunnskapen din og bidra til å utdanne framtidas arbeidskraft, i vidaregåande skule. Vi er på utkikk etter deg som er ein trygg vaksen og som trivst i lag med ungdom. Du kan vise retning og sette grenser, i verkstaden eller i klasserommet.
Vi må ha dyktige yrkesfaglærarar for at næringslivet skal få musklane og hovuda dei treng. Yrkesfaglærarar er essensielle for at fylket skal halde på og styrke posisjonen sin som eksportfylke, matfylke, gründerfylke og fiskerifylke. Og omvendt, dei tette banda med næringslivet som mange av dei vidaregåande skulane har, kan vere inspirerande for deg. Du får halde kontakta med bransjen og halde deg oppdatert.
Kva får du hos oss?
- Kurs/utdanning: Manglar du lærarutdanning eller pedagogikk? Ikkje noko problem, skulen legg til rette for at du kan ta det du treng, etter at du har begynt som lærar. Du kan også søke om stipend.
- Stor variasjon i kvardagen, ei miks av faglege utfordringar, elevkontakt og kontakt med bransjen.
- Jobbe med faget du er glad i, og lære det bort til andre.
- Ein meiningsfull jobb: Kanskje er det du som bidrar til at ungdommen finn sin veg. og står på eigne bein. Du formar framtidas arbeidskraft som regionen treng.
- Ein jobb som legg til rette for balanse mellom fritid og yrkesliv.
- Eit stort fagmiljø og moglegheiter til å halde deg oppdatert.
- God pensjonsordning og forsikring.
Søk ledig stilling
Følg også med på mrfylke.no/jobb, det blir jamleg lagt ut nye stillingar i dei vidaregåande skulane våre.
Vi vil gjerne høyre frå deg.