5 Fem tips til deg som underviser
Trygg og ansvarleg bruk av KI
Gjer deg kjent med våre retningslinjer for bruk av KI i skolen i kapittel 4 i denne rettleiaren. Det er også læraren sitt ansvar å opplyse elevane om desse retningslinjene slik at elevane tek verktøya i bruk på ein ansvarleg måte. Det er ikkje lov å bruke verktøy der ein ikkje har inngått databehandlaravtale. Diskuter etiske, sosiale og juridiske spørsmål rundt KI saman med elevane.
Ha fokus på eleven sitt læringsutbytte
Reflekter og gjer bevisste val om korleis prateroboten kan støtte læringsmåla og læringsaktivitetane for faget ditt. Kommuniser desse måla for elevane, slik at dei forstår kva dei skal lære og korleis, og kvifor dei kan bruke KI. Fokus meir på prosessar og mindre på ferdige produkt – tenk på formativ tilbakemelding. Ha eit klart og definert må med kvifor og korleis KI skal brukast under planlegging og gjennomføring av undervisning. Undersøk om KI kan brukast til å gi tilbakemeldingar på elevarbeid.
Oppmuntre til den kritiske tenkinga
Søk etter å få elevane til å reflektere over og få ei kritisk forståing av KI-bruken, både avgrensingar, moglegheiter og etiske dilemma. Det å kunne vurdere materialet kritisk vi får presentert av eit KI-verktøy, er ei nødvendig ferdigheit både i skolen, og framtidig arbeid.
Snakk med elevane
Det å ha ein kontinuerleg dialog med elevane om korleis dei har teke i bruk KI-verktøy, vil gi deg nyttig innsikt i kunnskapsnivået, erfaringane og den teknologiske forståinga til elevane. Samtidig vil elevane få auka læringseffekt ved å reflektere over arbeidsmetodikken sin på ein kritisk måte. Utforsk korleis elevane kan nyttiggjere seg av KI-genererte tilbakemeldingar i eigen læringsprosess.
Hald deg oppdatert
- Ver proaktiv. Sett deg inn i NDLA sin praterobot ved å prøve og feile. Lær deg korleis verktøyet fungerer ved å prøve ut ulike måtar å kommunisere med teknologien. Bruk det i førebuing av undervisning.
- Snakk med kollegaer på skolen og på andre skolar. Bruk gjerne Teams-kanalen Kunstig intelligens som ligg under teamet MRFK-Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Bidra til ein delingskultur der lærarane deler beste praksis for bruk av KI-verktøy i undervisninga.
- Følg med på kva som skjer på Innsida. KI har ein eigen side under Kompetanse og næring.
I tillegg er det lurt å nytte seg av ressursar som finst ute på nettet. Vi har ikkje oversikt over absolutt alt, men av det vi har sjekka ut tilrår vi:
Kunstig intelligens i skolen. Samleside frå Utdanningsdirektoratet. Ei svært nyttig side der ein finn oppdatert og relevant informasjon. Blant dei Udirs 9 råd om KI i skulen og ein kompetansepakke om KI i skulen. Pakken tek for seg utfordringar og moglegheiter med denne teknologien – spesielt i tilknyting til undervisningspraksis, vurdering, personvern, informasjonstryggleik og alderstilpassing av KI-verktøy. Den inneheld også drøftingsoppgåver og aktivitetar som skal bidra til refleksjonar i profesjonsfelleskapa.
Kompetansepakke om kunstig intelligens frå faktisk.no. Tar for seg kva kunstig intelligens og ChatGPT er, og kva slags implikasjonar denne teknologen kan ha for praksisen på skolen.
IKTPEDMOOC. Kunstig intelligens i undervisning av Magnus Nohr.
ndla.no har ein eigen ressursside om praterobotar, språkmodellar og kjeldekritikk.
KI i Randabergskolen. Randaberg var tidleg ute med å ta i bruk KI i skolen. Her finst svært mykje nyttig informasjon.
Webinar om kunstig intelligens og vurdering av Utdanningsdirektoratet.
Pedagogisk intelligens. Podkast som tar for seg kva KI har å seie for undervisning, vurdering og læring i skolen.
Pedagogisk intelligens. Podkast som tar for seg kva KI har å seie for undervisning, vurdering og læring i skolen.