Kunstig intelligens i skolen

2 Verktøy for KI i Møre og Romsdal fylkeskommune

2.1 Bing Chat Enterprise (kun tilsette)

Inkludert i lisensen til alle tilsette i fylkeskommunen og ligg som ein innebygd del av nettlesaren Edge. Tenesta slettar alle spørsmål og svar etter at sesjonen er ferdig, og avtalen er regulert av fylkeskommunen sin databehandlaravtale med Microsoft. Denne tenesta er diverre ikkje tilgjengeleg for elevar.

2.2 NDLA Praterobot (lærarar og elevar)

NDLA (Nasjonal digital læringsarena) har lansert ein trygg og sikker praterobot som elevane har lov å bruke til læring. Frå og med måndag 20. november 2023 kunne alle elevar og lærarar i Møre og Romsdal fylkeskommune ta i bruk denne. ChatGPT og liknande tenester oppfyller ikkje personvernkrava fordi samtalehistorikken blir lagra hos leverandør, underleverandørar og tredjepartar, og dei deler personopplysningar. For meir info sjå mrfylke.no

Praterobot

Ein praterobot, eller chatbot på engelsk, er eit nettbasert verktøy som brukar kunstig intelligens og komplekse algoritmar til å generere tekstar basert på store språkmodellar. Det skjer ved å simulere menneskeleg tale og skrift i dialogform.

Det er ein stor fordel at lærarar og elevar kan bruka same verktøy. Vi tilrår alle lærarar å testa ut roboten. Prøv ut ulike leietekstar - kva svar får du frå roboten? Dess meir detaljert og konkret informasjon du legg til i leieteksten, dess meir presist vil chatbotene skrive ein tekst for deg. Generisk svada inn, gir ofte generisk svada ut.

Korleis og når praterobotane skal brukast i undervisinga, skal sjølvsagt lærarane ute på skolane vere med på å forme i didaktiske og pedagogiske profesjonsfellesskap. Vi vil likevel vise nokre eksempel på korleis praterobotar kan brukast på ein positiv måte i undervisninga, og i planlegginga. Desse eksempla viser korleis prateroboten kan vere nyttige i undervisinga. Vi minner samtidig om at både elevar og lærarar må vere kritiske til KI-generert informasjon, jf. Møre og Romsdal fylkeskommune sine retningslinjer.

Det vil truleg kome nokre nasjonale føringar, slik at skolane får ein felles praksis på korleis dei skal handtere kunstig intelligens i skolen

Innlogging:

  1. Logg inn på ndla.no med FEIDE. Derifrå vil det være lenke til tenesta via MinNDLA. 
  2. Eventuelt kan du gå til ai.ndla.no