Kunstig intelligens i skolen

6 KI og vurdering

Generativ KI (språkmodellar) har så langt utfordra skriftlege vurderingsformer og skriveopplæring, og den raske utviklinga har vore krevjande å handtere for dei som jobbar i skolen. Korleis kan ein for eksempel vite at ein tekst er produsert av eleven sjølv og ikkje av et verktøy basert på kunstig intelligens? Dette gjeld spesielt i fag der skriveferdigheiter utgjer er ein del av kompetansen i faget. Det har derfor blitt mykje vanskelegare å vurdere kompetanse når skriveoppgåver blir brukte til å få innsikt kompetansen til eleven.

Det er nødvendigvis ingen enkle løysingar på desse dilemmaa. I opplæringsforskrifta (2024, § 9-1) står det at «Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og bidra til lærelyst undervegs, og å gi informasjon om eleven sin kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget». Elevane skal få vise kompetansen sin på ulike vis. Lærarane må, aleine og i profesjonsfellesskapet, reflektere rundt kva for vurderingsformer som er relevante å ta i bruk i eigen undervisningspraksis.

Utdanningsdirektoratet har følgande tips for vurdering av skrivekompetanse:

Henta frå kompetansepakken om kunstig intelligens.

Utforming av oppgåva og kva hjelpemiddel som elevane kan nytte i oppgåveløysinga må sjåast opp mot kva som er formålet med oppgåva, og kva som skal vurderast i den spesifikke oppgåva. KI-verktøy utgjer i denne samanhengen eitt av fleire verktøy/hjelpemiddel som er tilgjengeleg.  

Viss bruk av KI-verktøy gjer det vanskeleg å vurdera kompetanse i fag, kan det vere ulike alternativ til dømes: 

  • KI-verktøy er tilgjengeleg og eleven må vise kompetansen sin på ulike måtar for eksempel skriftleg elevarbeid blir supplert med ei form for munnleg utdjuping.
  • Avgrensa KI-verktøy i heile eller delar av oppgåveløysinga (og eventuelt at eleven må visa kompetansen sin på fleire måtar). 
  • Avgrense KI-verktøy  ved enkelte elevarbeid undervegs i opplæringa, men at dette nødvendigvis ikkje gjeld for heile opplæringa i faget.  

Ved vurdering av skriftlege svar kan det vera eit alternativ å dela opp vurderingsgrunnlaget i ulike typar produkt eller komponentar for eksempel prosess, problemstillingar, kjelder eleven ønskjer å bruke, refleksjonane til eleven, eigenvurdering og/eller logg i etterkant avhengig av oppgåve og fag. Ved å kombinere ulike vurderingsformer (skriftleg, munnleg, digitalt eller ein kombinasjon av fleire vurderingsformer) og meir uformelle og formelle vurderingar, vil eit nyansert bilete av kompetansen til eleven gradvis kome til syne.  

Dersom elevane har brukt KI-verktøy i arbeidet kan det vere formålstenleg å setje av tid til å reflektere over kor nyttig det var. Slike refleksjonar vil hjelpa dei til å gjera gode val knytt til bruk av KI i framtida.

I tillegg til gode informasjonspakkar, finn ein gode refleksjonsoppgåver til profesjonsfellesskapen i denne modulen i kompetansepakken frå Utdanningsdirektoratet. Vi tilrår på det varmaste å jobba med dette på skolane.