Kunstig intelligens i skolen

3 Korleis lage gode spørsmål til KI?

For å kommunisere med KI, må du bruke leietekst / prompts. Leieteksten blir brukt både til å definere i kva form KI skal svare på og kva svar du får. Dess meir spesifikk leietekstane dine er, dess betre svar vil du få. Det kan vere lurt å dele ei oppgåve eller spørsmål inn i mindre delar og sekvensar.

3.1 Still detaljerte spørsmål

Inkluder detaljar og spesifikke referansar i spørsmåla og kommandoane dine. Viss du opplever at svaret er for langt kan du be om eit kortare svar. Viss svaret er for lett kan du be om meir avanserte svar. Ver alltid kritisk reflekterande til svara du får frå kunstig intelligens

Sjå på prateroboten som ein ivrig medelev eller lærar som du kan spørje om alt, og som aldri blir lei av å forklare enklare eller utdjupe meir og som alltid har tid til å hjelpe. Dette kan vere til stor nytte for dei elevane som ikkje tør å seie at dei ikkje forstår, eller som ikkje har nokon å spørje om hjelp heime.

Sidan dagens praterobotar er språkmodellar og ikkje kunnskapsmodellar er måten du stiller spørsmåla på vesentleg for resultatet. Ver presis og konkret i språket. Her kjem nokre eksempel til korleis ein kan bruke praterobotane:

  • Kva er eit synonym for [sett inn ord]?
  • Oppsummer temaet [sett inn tema]
  • Definer omgrepet [sett inn omgrep]
  • Lag ei liste over [sett inn tema]
  • Gi eksempel på korleis [sett inn omgrep/tema]
  • Forenkle dette: [sett inn tekst]
  • Forkort dette: [sett inn tekst]

Praterobotar kan også vere nyttige i andre læringssituasjonar, for eksempel for å øve på kritisk tenking eller å bruke lærdom.

  • La oss ha ein samtale på spansk om heimstaden min. Du startar med å spørje «kvar bur du?». Rett feila i teksten min undervegs.
  • La oss diskutere fordelar og ulemper med skoleuniformer. Du er imot, eg er for. Du startar.

3.2 Plasser spørsmålet i ein kontekst

Praterobotar kan fungere enno betre om dei blir gitt ein kontekst. Eksempel på dette kan vere:

I staden for å skrive “forklar fotosyntese”

Så kan du prøve:

  • Forklar fotosyntese slik at ein 6-åring forstår, og gjerne bruk eksempel utanfor planteverda. 
  • Forklar fotosyntese for ein elev på vidaregåande skole som jobbar med naturfag.

I staden for å skrive “Lag eit treningsprogram”

Så kan du prøve: 

  • Lag eit treningsprogram for kondisjonstrening der målet er å få ein utrent person til å kunne springe 5 km i løpet av 12 veker. 
  • Lag eit treningsprogram for der ein nybegynnar skal kunne klare å løfte 80 kg i benkpress etter 12 veker.