8 Kva kan KI gjere for elevane?
Å bruka praterobotar som ein sparringspartnar i læreprosessen kan i nokre tilfelle vere nyttig for elevane, men då må dei gjerast merksame på svakheitene med verktøyet. Elevane må vere merksame på at fakta eller kjeldetilvisingar ofte ikkje er korrekte.
Omset tekst
KI kan omsetje tekst til eit anna språk og på den måten gi deg lettare tilgang til teksten.
Forslag til refleksjon for elevane: Kva skjer med teksten du «matar inn» i roboten? Korleis blir den brukt?
Forklare komplekse omgrep
KI kan forklare komplekse omgrep med andre ord. Eleven kan f.eks. be prateroboten om å «forklare dette for ein 16-åring». Dette kan hjelpe eleven i lesing og forklaring/forståing av tekst og omgrep. Prateroboten kan også lage spørsmål eleven kan bruke for å teste om hen har forstått teksta.
Forslag til refleksjon for elevane: Kan du vere sikker på at KI forklarer omgrepa på rett måte? Er forklaringa korrekt? Lærer du meir dersom du må jobba mindre for å forstå eit omgrep?
Lage samandrag
KI kan lage samandrag av lange tekstar, og den kan lage stikkord og punktlister til presentasjonar. Den kan også lage eksempel og historier som konkretiserer teori.
Forslag til refleksjon for elevane: Kan du vere sikker på at KI får med det viktigaste? Kvifor definerer KI akkurat desse punkta frå teksta som viktige?
Personleg rettleiar
KI kan hjelpe eleven med å planlegge og organisere idear og struktur i tekst eleven skal skrive. Prateroboten kan gi eleven tilbakemelding på grammatikk, teiknsetting og innhaldet i det eleven har skrive. Eleven kan også få hjelp med enkle matematikkproblem, øve på ulike reknemåtar eller få forklaringar på uttrykk i matematikken. Prateroboten er ikkje god til å løyse matteoppgåver, men den er veldig flink til å forklare deg korleis du kan løyse dei. Den kan altså bli som ein personleg rettleiar for elevane, som er tilgjengeleg og svarar venleg på spørsmål til alle døgnets tider!
Forslag til refleksjon for elevane: Korleis påverkar leieteksten din svara du fekk frå prateroboten? Kan du stole på ideane du får frå prateroboten? Kvar går grensa? Treng ein ingen kreative idear sjølv lenger?