Kunstig intelligens i skolen

4 Retningslinjer for bruk av KI i skolen

For å sikra ein etisk, ansvarleg og pedagogisk bruk av kunstig intelligens, har Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidd følgande retningslinjer:

  1. Ikkje del sensitiv informasjon i tenestene. Ikkje send inn informasjon som er unntatt offentlegheit eller inneheld personopplysingar (Personopplysningsloven og Forvaltningslova).
  2. Ikkje last opp bilde av personar det er mogleg å identifisere. Hugs at bilde av personar blir rekna som personopplysingar i Personopplysningsloven.
  3. Ver merksam på når ein kan bruke KI i oppgåveskriving. Viss oppgåva tillèt det, kan elevar bruka prateroboten til å vidareutvikle idéar og tekst, men resultata skal aldri leverast ubehandla som eige arbeid. Dette kan bli vurdert som låg måloppnåing.
  4. Elevane skal alltid vera opne om når dei har brukt generativ KI. Dei bør ta med det dei skreiv inn i prateroboten (leietekstar) og det dei fekk ut av verktøyet i teksta dei skriv. Elevane bør reflektere korleis og kvifor dei tok dette med. Dette kan f.eks. leverast som eit vedlegg, eller skrivast rett inn i oppgåva. NB: det er ikkje mogleg å laste ned samtalelogg frå NDLA sin praterobot, så dei må notere, kopiere eller ta skjermdump undervegs. Sjå på kildekompasset.no for meir informasjon om korleis dei refererer til materiale skrive av kunstig intelligens.
  5. Ha ei kritisk haldning til svara frå språkmodellen. Språkmodellen er basert på statistiske relasjonar mellom ord, ikkje kunnskap. KI har inga forståing for, eller kunnskap om, svaret er riktig eller ikkje. Kvalitetssikre alltid innhald frå språkmodellar.
  6. KI og vurdering: Korleis kan ein for eksempel vite at ein tekst er produsert av eleven sjølv og ikkje av et verktøy basert på kunstig intelligens? Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og bidra til lærelyst undervegs, og å gi informasjon om eleven sin kompetanse. Lærarane må, gjerne saman med profesjonsfellesskapet, reflektere rundt kva for vurderingsformer som er relevante å ta i bruk i eigen undervisningspraksis for at elevane skal få vise kompetansen sin på ulike vis.
  7. Godkjende KI-tenester kan brukast som støtte, men ikkje fasit, for å gi tilbakemelding på arbeidet til eleven.
  8. Hugs databehandlaravtale! Ikkje bruk applikasjonar/tenester der personopplysingar blir utlevert utan databehandlaravtale. Skoleeigar inngår databehandlaravtalar på vegner av skolane