Russetid

Russefeiring er ei privat feiring som markerer avslutninga av vidaregåande opplæring. Å vere russ er derfor eit val du tek sjølv, og fleire elevar vel å ikkje vere russ. 

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø, og Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider for at også avgangsfeiringa også skal vere trygg og inkluderande. 

Spørsmål og svar om russetida

Tips Forbrukertilsynet om reklame og kontrakter

Russefeiringa har blitt “big business" for mange aktørar. Forbrukertilsynet ønskjer tips frå ungdom, russ, foreldre og andre som har sett marknadsføring eller kontraktar dei reagerer på. Les meir og send tips anonymt (forbrukertilsynet.no) 

Treng du nokon å snakke med?

  • Ta kontakt med elevtenesta på skolen. Der kan du for eksempel snakke med ein rådgivar, helsesjukepleiar eller miljøarbeidar.
  • Kontaktinformasjon til Pedagogisk-psykologiske teneste (PPT) i skolen.
  • Du kan også kontakte elev- og lærlingombodet.
  • Elevane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø på skolen. Dersom det oppstår situasjonar utanom skoletid som også påverkar læringsmiljøet, kan de kontakte skolen.