Informasjonshefte om overgangen
2 Førebuingar til vidaregåande opplæring
Fylkeskommunen og kommunen gjer førebuingar for alle elevane. Samarbeidet mellom grunnskolane og dei vidaregåande skolane startar før ungdommane sluttar i ungdomsskolen.
Opplæringslova seier at kommunane skal sørgje for at elevane i grunnskolen får den rettleiinga dei treng om utdannings- og yrkesval. Opplæringslova seier også at elevane skal få den rådgivinga dei treng om sosiale og personlege forhold, som kan ha innverknad på korleis dei har det på skolen, sjå opplæringslova §§ 16-1 og 16-2.
Her er ei oversikt over førebuingar som blir gitt til alle elevane, til dei med individuelle behov, og minoritetsspråklege.
2.1 Førebuingar for elevane i ungdomsskolen
Det er ulikt korleis skolane førebur elevane på vidaregåande opplæring. Elevane bør vere fagleg og sosialt budde på kva som ventar, og kva som blir forventa av dei når dei startar vidaregåande opplæring.
Laget rundt elevane består av mange fagpersonar: rektor, kontaktlærar, rådgivar, timelærar, sosiallærar, miljøarbeidar, miljøteam, PPT, helsesjukepleiar, barnevern, helsetenestene og andre som er med på å forberede elevane. Fagpersonane må starte arbeidet med overgang til vidaregåande opplæring for elevane så tidleg som mogleg.
Ein del elevar har behov for individuelle tiltak av ulike grunnar, til dømes; mobbing, rusutfordringar, svake norskferdigheiter, høgt skolefråvær og låge grunnskolepoeng. Det må arbeidast med førebyggande tiltak der eleven, foreldra og skolen meiner det er nødvendig for at eleven skal bli klar for vidaregåande opplæring.
God karriererettleiing i grunnskolen vil vere med å motivere elevane til å arbeide godt og ta bevisste val av vidaregåande opplæring.
Skolen må ha god dialog med foreldra om vidaregåande opplæring. Informasjon om innsøking blir gitt til foreldra digitalt, i samtale og på foreldremøte.
Eksempel på tiltak
LOS – Gossen barne- og ungdomsskole
LOS er ein miljøarbeidar som følger opp eleven når det er behov. Det kan være å følge opp eleven på skolen eller i fritida. Målet er å bidra til at eleven fullfører grunnskolen og er klar til å starte på vidaregåande opplæring
Systematisk arbeid med nærvær – Frei ungdomsskole
Skolen registrerer fråvær nøye og følger opp. Skolen definerer kva som er bekymringsfullt. Dei gjer ei avrekning kvar månad og rapporterer det dei meiner er bekymringsfullt for den enkelte elev. Det er eleven sitt beste som er skolen sitt perspektiv. Tillit frå eleven, samtykke frå foreldre til oppfølging og samarbeid med vidaregåande skole, er viktig for å lykkast.
Skolen veit kva skole eleven har søkt og har indikasjonar på kor eleven skal starte i juni. Skolen nyttar eit eiga skjema i overgangsarbeidet. Kunnskapen om eleven og kva som har fungert på ungdomsskolen blir overlevert i møte med vidaregåande skole.
Utdanningsval
Det er ei eigen Læreplan for utdanningsvalg på ungdomstrinnet (UTV01-03). Elevane skal ha 110 timar fordelt på 8.-10. trinn.
Faget sin relevans: «Utdanningsvalg er et sentralt fag for å bidra til å gjøre elevene i stand til å ta gode utdannings- og yrkesvalg. Faget skal bidra til at elevene utvikler en trygg identitet og til at de skal kunne ta valg ut fra egne interesser og forutsetninger. Gjennom arbeidet med faget skal elevene skaffe seg kunnskap om muligheter og krav i utdanningssystemet og i arbeidslivet. Faget skal bidra til at elevene utvikler kompetanse i å håndtere overganger, bidra til deltakelse og skape forståelse for sammenhenger mellom utdanning og jobbmuligheter.»
Karrieredagar
I samarbeid med aktørar frå opplæring, næringsliv, kommunar og organisasjonar arrangerer fylkeskommunen kvar haust Karrieredagane. Målgruppa er elevane på 10. trinn i grunnskolen og andre som skal byrje i vidaregåande opplæring. Målsetninga med Karrieredagane er å gi kunnskap om lokalt og regionalt næringsliv og utdanningsmoglegheiter i Møre og Romsdal. For meir informasjon sjå Karriererettleiing i skolen - Møre og Romsdal fylkeskommune (mrfylke.no).
Hospitering i vidaregåande opplæring
Etter Karrieredagane skal elevane velje to utdanningsprogram dei ønsker å få meir kunnskap om. Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerer hospitering på alle vidaregåande skolar to veker i november kvart år. Elevane hospiterer på den næraste skolen som har utdanningsprogramma dei har vald. Målsettinga er at hospiteringa skal bidra til at elevane tek eit bevisst og kunnskapsbasert val av vidaregåande opplæring. For meir informasjon sjå Karriererettleiing i skolen - Møre og Romsdal fylkeskommune (mrfylke.no)
Orientering til elevane om dei vidaregåande skolane sine tilbod
Fleire av dei vidaregåande skolane kjem til ungdomskolane i skoletida og orienterar elevane om sine tilbod i vidaregåande opplæring. Rådgivarar i fylkeskommunen med kompetanse om opplæring i bedrift kan kome til ungdomsskolane for å informere om moglegheitene innanfor yrkesfag og lærlingordninga. Målet er å gi informasjon som kan bidra til at elevane gjer gode, kvalifiserte val, slik at dei får ein god overgang og eit best mogleg utgangspunkt for å gjennomføre vidaregåande opplæring.
Rettleiing om korleis søke vidaregåande opplæring – ordinært inntak
Elevane får informasjon og rettleiing frå tilsette i grunnskolen om søknadsfristar, korleis søke, og om tilbodet i vidaregåande opplæring
- Elevane søker på vigo.no. Nettsida for søking opnar i starten av januar.
- Søknadsfristen er 1. mars.
- Meir informasjon finn de på nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune, og på vilbli.no.
2.2 Elevar med individuelle behov
Det er utarbeidd eit eige hefte, «Informasjonshefte - Tidleg inntak med fortrinn og individuell vurdering til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal». Søknadsfristen er 1. februar. Ta kontakt med fylkeskommunen for å få heftet. Søknadsfristen er 1. februar. Ta kontakt med fylkeskommunen for å få heftet.
Før innsøking til tidleg inntak
Kommunane skal sende inn melding til fylkeskommunen innan 1. oktober om elevar i 10. trinn som vil søke om fortrinnsrett.
Rettleiing for søkarar til tidleg inntak
Elevar som søker om tidleg inntak, skal i tillegg til søknaden i VIGO, sende inn vedleggskjema. Ved å sende inn vedleggskjema ber dei om å få vurdert retten til individuelt tilrettelagt opplæring i vidaregåande opplæring.
Elevane skal fylle ut vedleggskjemaet med hjelp frå ungdomsskolen, vidaregåande skole eller anna hjelpeinstans. Det er avgjerande at skjemaet fyllast ut nøyaktig og riktig. Behova til søkaren må dokumenterast.
Det er utarbeidd eit eige hefte for hjelpeinstans som beskriv heile søknads- og inntaksprosessen. Her ligg også rutinane til PPT. Ta kontakt med fylkeskommunen for å få heftet.
PPT skal rettleie, utreie og skrive ei sakkunnig vurdering for elevane i ungdomsskulen som søker tidleg inntak til vidaregåande opplæring. Den skal beskrive kva for vanske eleven har, kva for tilretteleggingsbehov eleven har, og vurdering om retten til individuelt tilrettelagt opplæring. Den sakkunnige vurderinga skal vere ferdig innan 31.mai. Den vidaregåande skolen skal fatte enkeltvedtak om individuelt tilrettelagt opplæring innan medio juni. Dette er for at elevane og foreldra kan førebu seg til skolestart i august. Fylkeskommunen skal kontaktast ved behov for avklaringar. Sjå Opplæringslova §11-8
Besøk på vidaregåande skole før innsøking og inntak
Det kan leggast til rette for at elevar med individuelle behov kan besøke ein skole før innsøking til vidaregåande opplæring. Eleven eller ein medhjelpar må ta kontakt med skolen for å gjere avtale.
Elevane kan besøke skolen før skolestart for å trygge skolestarten. Elevane kan snakke med tilsette på skolen åleine, saman med foreldra eller andre.
Individuelle overføringsmøte
Den vidaregåande skolen tek initiativ til overføringsmøter for elevane som har søkt om tidleg inntak og har fått tildelt skoleplass på ein vidaregåande skole. I heftet «Informasjonshefte - Tidleg inntak med fortrinn og individuell vurdering til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal», finn de meir informasjon. Ta kontakt med fylkeskommunen for å få heftet.
Igangsette tiltak i grunnskolen vidareførast når det er høveleg og kan gjennomførast.
Inntaksmøte med vidaregåande skole og PPT
Målet med møta er å gå gjennom ulike tema som er aktuelle for å sikre eit best mogleg samarbeid mellom fylkeskommunen, skolane og PPT. Døme på tema er pedagogisk rapport, utfordringar i skolen, diskusjonar rundt tolking av lovverk, PPT og skolen si rolle. Møtet gjennomførast når fylkeskommunen har oversikt over søkarane til det tidlege inntaket.
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal samarbeide med og støtte skolane i det førebyggande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod til elevane som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa. Tenesta skal:
- Støtte og rettleie skolane i å greie ut behov for tilrettelegging av opplæringa og i å sette inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengst
- Hjelpe til med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogleg.
- Der lova eller forskrift krev sakkunnig vurdering, er det PPT som skal utarbeide vurderinga. Sjå Opplæringslova §11-13.
Udir har kome med «Veileder for tilpasset opplæring og individuell tilrettelegging». Den utdjupar regelverket for individuell tilrettelegging (tidlegare spesialundervisning), men tek også føre seg tilpassa opplæring og prosessen fram mot at ein elev, lærekandidat eller voksen deltakar, får rett til individuell tilrettelegging. Dette blir eit viktig dokument i videre arbeid knytt til tilpassa opplæring og individuelt tilrettelagt opplæring for mange ungdommar og vaksne.
2.3 Minoritetsspråklege elevar
Minoritetsspråklege elevar søker vidaregåande opplæring som alle andre. Dei kan starte på ein vidaregåande skole eller dei kan ta eit av dei to førebuande tilboda fylkeskommunen gir.
Opplæringstilbodet «Grunnleggande norskopplæring» (GNO) er eit tilbod for minoritetsspråklege mellom 16-18 år som nyleg har komne til Noreg og som ikkje har tilstrekkelege, eller ingen norskkunnskapar. «Jobbsjansen del B» eit tilbod om meir opplæring i grunnskolefag for dei som er mellom 16-24 år, og som beherskar norsk tilstrekkeleg til å følgje opplæringa.
- Søknadsfristen for minoritetsspråklege elevar er 1. februar.
Søkarar til vidaregåande opplæring skal sende inn skjema for minoritetsspråklege, og krysse av om dei har hatt enkeltvedtak om særskilt språkopplæring i grunnskolen. Elevane kan ha rett til særskilt språkopplæring. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar, sjå opplæringslova § 6-5. Dei vidaregåande skolane kartlegg og fattar vedtak om særskilt språkopplæring.
Grunnskolen rettleiar elevane og foreldra om kva som ventar elevane i vidaregåande opplæring. Det må nyttast tolk der det er nødvendig.
Fylkeskommunen inviterer kommunane til informasjonsmøte om regelverk og rutinar om inntaket. Meir informasjon om dei ulike tilboda, krav og søknadsfristar finn de på Møre og Romsdal fylkeskommune sine heimesider.
Minoritetsspråklege søkarar er ein del av det ordinære inntaket.
2.4 Førebuingar for elevar og foreldre i ungdomsskolen
Det er viktig at foreldra og andre har kunnskap om vidaregåande opplæring, og deltek i overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring.
Informasjonsmøte for elevane og foreldra på ungdomsskolen
Fleire av dei vidaregåande skolane besøker ungdomsskolane på kveldstid for å presentere sine tilbod for elevane og foreldra. Rådgivarar i fylkeskommunen med kompetanse om opplæring i bedrift kan delta på desse møta for å informere om den delen av opplæringa som skjer ute i bedrift.
Open vidaregåande skole
Fleire av dei vidaregåande skolane inviterer elevane og foreldra til open vidaregåande skole på kveldstid. Nokre skolar inviterer også arbeidslivet til open skole, for å synleggjere kva for yrkesmoglegheiter opplæringa kan føre til. Skolar i same område må koordinere og samarbeide om tiltaket.
Digitalt orienteringsmøte for elevane og foreldra
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer på hausten til eit digitalt orienteringsmøte om vidaregåande opplæring. Det er mogleg å stille spørsmål anonymt i chat i etterkant av møtet.
Rådgivarar, PPT og andre kan også gjerne delta. Det digitale møtet kan også være ein del av eit fysisk foreldremøte på skolen. Då kan foreldre og skolen direkte følge opp lokalt, det som det er orientert om i det digitale møtet.
2.5 Tiltak for rådgivarar, lærarar, PPT og hjelpeinstansar
Oppdatert kunnskap er nødvendig for dei som rettleiar elevane og foreldra, og som har ei rolle i arbeidet med overgangen mellom grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.
Her er ei oversikt over tiltak.
Rådgivarnettverket
Møre og Romsdal fylkeskommune driftar eit kompetansenettverk for rådgivarar i grunnskolen, rådgivarar i vidaregåande skole, rådgivarar i oppfølgingstenesta (OT), rådgivarar for lærlingar, vaksenopplæringa i kommunane, lærarar i faget utdanningsval, NAV-rettleiarar og andre som driv med sosialpedagogisk rettleiing og karriererettleiing.
Eit av måla er samarbeid på tvers av sektorar og nivå for ei best mogleg teneste til både unge og unge vaksne. Eit anna mål er kompetanseheving og kvalitetsutvikling. Fylkeskommunen legg til rette for både fysiske og digitale samlingar. Det blir utarbeid eit årshjul med aktivitetar.
Fylkeskommunalt psykolognettverk knytt til PPT
PPT har tilsett psykologar som skal arbeide med å gje skolane kompetanse til å bli ein helsefremmande skole, og som kan å legge til rette opplæringa på ein trygg og god måte for alle elevar. Psykologane skal arbeide tett med skolane samt gje PPT-rådgivarar kompetanseheving innan helsefremmande tiltak i skolen. Dei kan og bli nytta til kompetanseheving som kurs, webinar og liknande, både til skolen sitt personale samt opplæringskontor og bedrifter.
Fylkeskommunal arbeidsgruppe for kvalitet i PPT
Arbeidsgruppa arbeider kontinuerleg med å sikre kompetansen til PPT, lage hensiktsmessige malar samt utarbeide retningslinjer for godt samarbeid mellom skole og PPT. Det skal utarbeidast ein rettleiar for korleis samarbeide i overgangen mellom ungdomsskolen og den vidaregåande skolen, når det gjeld elevar med bekymringsfult stort fråvær. Den er planlagt ferdig våren 2025.
Orienteringsmøte om ordinært inntak til vidaregåande opplæring
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til digitale webinar om inntak til vidaregåande opplæring for rådgivarar, avdelingsleiarar, OT, NAV, barnevernstenesta, PPT, flyktningtenesta og vaksenopplæringa.
Orienteringsmøte for hjelpeinstansar om det tidlege inntaket
Føremålet er gjennomgang av gjeldande lovverk og rutinar rundt innsøking til vidaregåande opplæring. Det blir jobba med korleis hjelpeinstans kan bruke handlingsrommet i regelverket og korleis ein hjelper søkarane i innsøkinga. Dei digitale møta gjennomførast regionsvise. Deltakarar er rådgivarar frå ungdomsskole og vidaregåande skole, PPT, flyktningtenesta, vaksenopplæringa og andre kommunale hjelpeinstansar.