Informasjonshefte om overgangen

3 Oppstart i vidaregåande opplæring

Laget rundt elevane når dei kjem til den vidaregåande skolen består av mange fagpersonar: kontaktlærar, rådgivarar, avdelingsleiarar, PPT og andre som er med på gi elevane ein god overgang og start i vidaregåande opplæring. Skolane skal vere klare til å ta i mot elevane og det det skal vere så føreseieleg som mogleg for elevane. Det er system på skolane som sørgjer for samarbeid til elevane sitt beste, til dømes klasselærarråd og ressursteam.

Inntaket er klart i byrjinga av juli. Da får elevane vite kor dei har fått tilbod om skoleplass. 

Skolane sett saman klassane med den kunnskapen dei har om elevane. Skolane får tilgang på den informasjonen som er med i søknaden om vidaregåande opplæring. Skolane finn også informasjon om elevane i Qlik-sense skole app – Inntak, identifikasjon og planlegging (IIP). Kunnskapen nyttast til planlegging av tiltak ved skolestart, som skal gi trygge rammer for elevane.

Skolane gjennomfører samtale om fagleg utvikling, foreldremøte og foreldresamtale i samsvar med opplæringslova, sjå opplæringslova § 10-8 og forskrifta § 9-6 og 11-1.

Eksempel på tiltak skolane gjennomfører

  • VIP-makkerskap
  • Livet og sånn
  • Informasjon til lærarar og elevane om normalitetsbegrepa, ved PPT
  • Temakurs/dagar om; trivsel, mobbing, stress, søvn, politi, rus, identitet mm.
  • Fellesaktivitetar; turar, frukost, temakveldar, spillkveldar, mm.  
  • Tiltak for å ivareta hybelbuarar

Nærværsteam ved Kristansund vidaregåande skole

Elevtenesta ved Kristiansund vgs har nærværsteam som arbeider med fråfall og negativ utvikling. Skolen har blant anna eit overgangsmøte med grunnskolen for å forberede overgangen til vidaregåande skole. Dei har møter med grunnskolane som forbereder den vidaregåande skolen på kva som bør bli tilrettelagt,  for å trygge eleven sin kvardag. I møtet får dei kunnskap om elevane som skal gi elevane ein så god start som mogleg. Det kan vere informasjon om rusutfordringar, psykisk helse, skolemiljøsaker, skolevegring, radikalisering, med meir. Nærværsteamet  følgjer opp elevane dei får kunnskap om, slik at dei kan få ekstra hjelp i overgangen.

Qlik-sense skole app – Inntak, identifikasjon og planlegging (IIP)

Målgruppa for bruk av appen er skoleleiinga og rådgivarar. Formålet med appen er at skolen skal få ei tidleg oversikt over elevgruppa i inntaket til neste skoleår, for å kunne identifisere elevar som har behov for tilrettelegging og oppfølging. Appen kan også vere til hjelp for oppsett/deling av grupper/klasser.  

Appen inneheld informasjon om elevgruppa som er relevant for å følgje opp, den viser både gruppeoversikt og elevdetaljar. Ny opplæringslov stiller høgare krav til oppfølging av elevane, og appen er eit hjelpemiddel i dette arbeidet. 

Det blir gjort individuelle tilretteleggingar i forbindelse med rusoppfølging og helseoppfølging. Det blir laga eigne oppfølgingsavtalar.

3.1 Deling av informasjon

  • Spørsmål om inntaket skal rettast til fylkeskommunen.
  • Når inntaket er ferdig, får eleven ei inntaksmelding som fortel kor eleven har fått skoleplass.
  • Ungdomskolane har tilgang på VIGO Skole, som viser kor elevane har fått skoleplass. 

Innhenting av opplysningar ved overgang

Fylkeskommunen behandlar personopplysningar frå grunnskolar når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova, jf. opplæringslova § 25-1.  Med oppgåver er det meint både plikter og oppgåver som kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter er pålagde, og med heimel i lova.

Fylkeskommunen kan hente inn dei personopplysningane som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring, førebygge fråvær frå opplæringa og følge opp dei som er i målgruppa til oppfølgingstenesta.

Behandling av personopplysningar etter § 25-1 første til fjerde ledd kan også omfatte personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.

I forskrift til opplæringslova § 20-4 er det uttømmande regulert kva for personopplysningar som kan hentast inn om elevar frå grunnskolar:

  1. opplysningar om fullført eller ikkje fullført grunnskole
  2. halvårsvurdering med karakterar frå 10. trinn
  3. karakterar som blir førte på vitnemål for grunnskolen
  4. fråvær som blir ført på vitnemål for grunnskolen.

Fylkeskommunane har eit særskilt ansvar i arbeidet med å forhindre fråfall i vidaregåande opplæring. Å førebygge fråvær kan mellom anna handle om å tilpasse opplæringa for å auke moglegheita for at elevane fullfører den vidaregåande opplæringa. Det kan også omhandle rettleiing om val av utdanningsprogram, programfag og liknande, for å hjelpe eleven til å ta val som gir best høve til å fullføre den vidaregåande opplæringa. Dei oppgitte formåla fastset rammene for kva personopplysningar som kan behandlast etter leddet. Fylkeskommunane kan innhente personopplysningar for dei nemnde formåla både frå offentlege og private grunnskolar, og frå private skolar godkjende etter privatskolelova, sjå Udir.no

Merk at dersom skolane skal dele personopplysningar for å legge til rette opplæringa til ein elev, skal eleven samtykke til dette. 

Vær merksam på at ungdomsskolane må informere foreldre om at informasjon dei ønsker skal bli gitt til ny skole, må delast i vedleggsskjema.

Ungdomsskolar kan ta kontakt med leiar av inntaksseksjonen når de har informasjon om elevar eller elevkullet som skal byrje i vidaregåande opplæring som er av betydning for overgangen, organiseringa og gjennomføringa av vidaregåande opplæring.

Deling av teiepliktige opplysningar

For spørsmål om deling av teiepliktige opplysningar, sjå Tausehetsplikt, opplysningsrett og opplysningsplikt i forvaltningen – en veileder (regjeringen.no).
Denne rettleiaren gir ei oversikt over reglar om teieplikt, personvern, opplysningsrett og opplysningsplikt i skolen. Rettleiaren viser og til ein del praktiske tilfelle, for eksempel kva opplysningar skolen kan dele med foreldre dersom eleven ikkje ønsker å dele, og kva for opplysningar som kan delast med andre. 

Oppfølgingstenesta (OT)

Opplæringslova med forskrift regulerer arbeidet til OT.  Alle som har rett til vidaregåande opplæring, er mellom 16 og 24 år og ikkje er i opplæring eller arbeid, får tilbod om oppfølging. Oppfølgingstenesta sikrar tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa. Oppfølgingstenesta skal formidle og samordne dei ulike tilboda. Alle i målgruppa blir kontakta, og får tilbod om oppfølging frå OT-rådgivar som har ansvaret i den kommunen ungdomen bor. Foreldra til ungdom under 18 år blir kontakta. Sjå opplæringslova § 9-4.

3.2 Kommunedialog

Fylkeskommunen inviterer kommunane til kommunedialog overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Formålet med møtet er eit godt samarbeid for at flest mogleg elevar skal fullføre vidaregåande opplæring.

Deltakarar er dei som har avgjerdsmynde i kommunane og fylkeskommunen.

Aktuelle tema kan vere

  • Roller, ansvar og oppgåver
  • Korleis har det gått med tidlegare kull som har byrja i vidaregåande opplæring?
  • Korleis gjekk førre års inntak? 
  • Samarbeid og behov for samarbeid?
  • Nyttig statistikk henta frå Qlik-appen kommunedialog og andre Qlik-appar
  • Evaluere samarbeidet