1 Innleiing
I samband med den nye opplæringslova, som vart gjeldande frå 1. august 2024, har fylkeskommunen og kommunane fått eit utvida ansvar for å gjere overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa så god som mogleg for elevane.
Statistikk og erfaring viser at god tilrettelegging for overgang er viktig fot deltaking og gjennomføring. Fylkeskommunen og kommunane skal rettleie elevane til å ta bevisste val om vidaregåande opplæring, og trygge dei på ein ny kvardag.
Overgangsarbeidet inneber god informasjon til elevane og foreldra, tett oppfølging og samarbeid mellom heim og skole, og individuell og tett oppfølging for dei som har behov for det.
Fylkeskommunen og kommunane har mange samarbeidspartar som deltek i overgangsarbeidet. For eksempel foreldre, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barnevern, Bufetat, helsesjukepleiar, politiet, samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak i kommunane (SLT) og arbeidslivet.
Her er lover, rutinar, aktivitetar og tiltak samla. Ein ønskjer å gi oversikt over mangfaldet av overgangsarbeid i fylket. Oversikta er ikkje uttømmande på alt som blir gjort. Ungdomsskolane og dei vidaregåande skolane er ulike i storleik, og overgangsarbeidet blir gjort med lokale hensiktsmessige tilpassingar.
Dette heftet er for tilsette i kommunar og fylkeskommunen.
Eleven sitt beste er leiande for arbeidet, sjå FNs konvensjon om barnets rettighetar. Udir og fylkeskommunen har laga malar og rettleiarar som sikrar at omsynet til eleven blir tatt hand om.
Har de spørsmål, ta kontakt med fylkeskommunen eller kommunen.
Kva seier Opplæringslova?
«§ 9-5.Overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa
Fylkeskommunen skal sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa. Kommunen skal samarbeide med fylkeskommunen om overgangen. Dersom eleven skal starte i ein vidaregåande skole som er godkjend etter privatskolelova, gjeld kommunens plikt i første ledd tilsvarande overfor den private vidaregåande skolen.
Prop.57 L (2022-2023) 40.11 Overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa
…«Ein trygg og god overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring handlar mellom anna om at ungdommen og foreldre opplever overgangen som føreseieleg, og at ungdommen veit kva dei kan forvente når dei byrjar i vidaregåande opplæring.
Ein trygg og god overgang handlar også om at fylkeskommunen er førebudd på erfaringar ungdommane har med seg frå grunnskolen. For å oppnå dette bør fylkeskommunen legge til rette for ein god dialog som involverer ungdommane. I den grad ungdommane ønskjer det, bør også andre med erfaringsgrunnlag om ungdommen bli involvert…
…Kommunen skal samarbeide med fylkeskommunen om overgangen. Det blir sikta her til kommunen som skoleeigar. Samarbeidet kan innebere overføring av opplysningar, også personopplysningar…»
Desse paragrafane handlar også om overgangen
- § 9-6.Opplæringstilbod i overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa
- § 9-7.Tilbod om meir grunnskoleopplæring
Merik: Foreldre betyr foreldre og andre som har den daglege omsorga for eleven.