Følg arbeidet med forslag til ny skole- og tilbodstrukturKva skjer i saka akkurat no, og korleis er prosessen fram mot vedtaket?Kva skole treng vi i framtida?Vinter/vår 2025 arbeider vi med å få på plass eit tilstrekkeleg og oppdatert kunnskapsgrunnlag til kva skole- og tilbodsstruktur vi treng i Møre og Romsdal i framtida. Vi ser mellom anna på:framtidig kompetansebehov i regionenelevframskrivinga i skoleregionane Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmørekva skole- og tilbodsstruktur kan ha å seie for kvaliteten i opplæringabehovet for undervisningsareal, utnyttingsgrad og tilstand på skolebyggbehov for skoleskyss og reisetidsanalyserArbeidet skal munne ut i eit forslag til ny skole- og tilbodsstruktur. Forslaget vil ligge ute på høyring i perioden 2. juni - 1. september 2025. Kunnskapsgrunnlaget vil bli offentleg tilgjengeleg samtidig med høyringa. Behov for dialog?Det har vore, og er planlagt, mange dialogmøte mellom fylkeskommunen og ulike interessentar. Vi legg fortløpande ut oversikt over møta som har vore.Dersom nokon har ønskje om besøk frå fylkeskommunen for å informere og svare på spørsmål, ta kontakt med kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken. Møte og involvering skolestruktur Mars 202521.3 - Romsdal interkommunale politiske råd17.3 - Møte m/Nordmøre interkommunale politiske rådFebruar 202527.2 - Møte m/Sunnmøre regionråd21.2 - Stranda kommune: bakgrunn og framdrift, moglegheiter for kommunen og skolen12.2 - Samling for rektorar og ass. rektorar6.2 - Kompetanse- og næringsutvalet (løypemelding)Januar 202531.1 - Ungdomspanelet28.1 - Tingvoll vgs. og næringslivet på Tingvoll: utdanningstilbod, skolebygg, Steigenmodellen24.1 - Trøndelag fylkeskommun: sondering av felles interesser dei neste 2-10 åra23.1 - Stranda vgs: Steigenmodellen, status etter dialog med bedrifter9.1 - Dialog m/Stranda kommune v/kommunedirektør7.1 - Tingvollmiljøet: fagskoletilbod7.1 - Tingvoll vgs: modellaternativ til ordinær driftDesember 202411.12 - Stranda: Steigenmodellen22.11 - Tingvollmiljøet: korleis bevare og utvikle unik tekstilkompetanse Høyring - sei kva du meinerNår forslaget til ny skole- og tilbodsstruktur er ferdig, blir det høve for innbyggarar, kommunar, lag og organisasjonar til å komme med innspel. Alle innspel blir gjennomgått og tatt med som ein del av administrasjonen si innstilling (saksframlegget). Saka vil bli behandla i fleire politiske organ i perioden oktober - desember, med endeleg vedtak i fylkestinget i 9. - 10. desember 2025 Les meir om høyringa her.Framdrift Tidslinje sak om skole og tilbodsstruktur Vedtak i fylkestinget om å starte utgreiing 10.12.2024 00.00 Ferdig kunnskapsgrunnlag og rapport m/tilråding 01.05.2025 00.00 Saka blir lagt ut på høyring 02.06.2025 00.00 Høyringsfrist 01.09.2025 00.00 Frist saksframlegg m/innstilling 01.10.2025 00.00 Start politisk behandling 23.10.2025 00.00 Vedtak i fylkestinget 09.12.2025 00.00 Erik Brekkenkompetanse- og næringsdirektørTelefon: 71 28 03 70/48 13 12 91E-post: erik.brekken@mrfylke.no