Kven har rett til vidaregåande opplæring for vaksne?
Du har rett til vidaregåande opplæring for vaksne dersom
- du ikkje har studie- eller yrkeskompetanse frå vgs eller berre har ein sluttkompetanse
- du har fylt 19 år
- du har fullført grunnskoleopplæring i minst ni år eller tilsvarande
- du har gyldig opphaldsløyve
- du er folkeregistrert i Møre og Romsdal
Ungdom mellom 16 – 19 år kan få tilbod om opplæring i norsk og engelsk i Nettskolen. Tilbodet gjeld for dei som berre manglar desse faga for å få generell studiekompetanse i Noreg.
Du har ikkje rett til videregåande opplæring for vaksne dersom du er elev i vidaregåande opplæring eller har lærekontrakt.
Tilbod og kurs
Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr opplæring til ei rekke ulike sluttkompetansar. Opplæringa blir gitt i skole, modulstrukturert opplæring (MVOV) eller gjennom lærekontrakt.
Tilboda i modulstrukturert opplæring blir starta under føresetnad om samarbeid med opplæringsbedrifter. Alle tilboda blir starta om det er nok deltakarar.
Sett deg inn i korleis dei ulike opplæringsløpa er bygd opp før du søker.
-
Søre Sunnmøre
- Helse- og oppvekstfag
- Teknologi- og industrifag
- Vg1 Teknologi- og industrifag
Kontakt
Ester Alnes Osnes, avdelingsleiar, Ørsta vgs
alnes.osnes@mrfylke.no
71 28 24 79
Søknad og søknadsfrist
Søknad
Sett opp tre alternative sluttkompetansar, i prioritert rekkefølge, av det Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr.
Er du mellom 19 og 24 år, bør du velje om du vil ta vidaregåande opplæring som vaksen eller som ordinær elev. Du bør ikkje søke om begge delar.
Søk her (vigo.no)
Søknadsfrist
Du kan søke om opplæring når som helst i løpet av året, men
- du bør ha søkt innan 1. mars for oppstart august/september
- du bør ha søkt innan 1. oktober for oppstart i januar/februar
Modulstrukturert opplæring kan starte fortløpande. Andre yrkesfag og fag for studiekompetanse blir normalt starta opp i august/september og januar/februar.
Krav til dokumentasjon
Sjekk at skolegangen din er registrert i vigo.no. Dersom noko manglar, må du sjølv laste opp dokumentasjon.
Dersom du får problem med å laste opp dokument, kan du ta kontakt med oss på e-post: vakseninntak@mrfylke.no
Last opp vitnemål og anna relevant dokumentasjon.
Last opp resultat av norsktest og vurdering frå HK-dir dersom du har dette.
Alle dokument som ikkje er frå Noreg, bør vere omsett til norsk eller engelsk av ein godkjent translatør.
Dersom du får problem med å laste opp dokument, ta kontakt med oss på e-post: vakseninntak@mrfylke.no
Dersom du manglar vitnemål frå grunnskole, ta kontakt med kommunen. Kommunen kan gjennomføre realkompetansevurdering og vurdere om du treng opplæring i fag for å kvalifisere til vidaregåande opplæring for vaksne.
Dersom du manglar dokumentasjon frå vidaregåande opplæring, kan du søke om realkompetansevurdering på vigo.no.
Viss du kan dokumentere utdanning på høgare nivå, vil det dekke utdanningskravet.
Svar på søknaden
Du får først eit enkeltvedtak om rett/ikkje rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Svaret får du i digital postkasse eller med vanleg papirpost. Les nøye gjennom brevet.
Dersom du har rett til vidaregåande opplæring, blir søknaden din sendt til eitt av våre ressurssenter. Ressurssenteret gjennomfører realkompetansevurdering og kallar deg inn til ein kartleggingssamtale. Det blir laga ein opplæringsplan i samråd med deg. Du vil få tilbod om opplæring i dei faga du manglar.
Datamaskin, skoleskyss og stipend/lån
Datamaskin
Du treng berbar datamaskin (PC eller Mac) i undervisninga.
Skoleskyss
- Deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne over 24 år har ikkje rett til gratis skoleskyss.
- Er du mellom 19 og 24 år, kan du ha rett til gratis skoleskyss ut det skoleåret du fyller 25 år.
Informasjon om skoleskyss i Møre og Romsdal fylkeskommune
Stipend/lån
Rett til støtte frå Statens lånekasse kjem an på omfanget av opplæringsløpet ditt. Les meir og søk på nettsidene til lånekassa.
Realkompetansevurdering
Realkompetansevurdering er ei ordning der du kan få vurdert kompetansen din opp mot læreplanmåla i Vg1 og Vg2. Du søker i Vigo, og vurderinga blir gjort av eitt av ressurssentera våre. Vurderinga skjer gjennom samtale, eigenvurdering og dokumentasjonen du sender inn. Etterpå får du eit kompetansebevis.
Vi kan ikkje gjennomføre realkompetansevurdering dersom du har lite eller ingen yrkespraksis. .
Kostnad
- Gratis: Har du rett til vidaregåande opplæring for vaksne, eller er tilvist frå NAV eller kommunen, får du realkompetansevurdering utan kostnad.
- Betalt vurdering: Dersom du ikkje rett til vidaregåande opplæring for vaksne, kan du likevel få vurdering dersom ressurssenteret har kapasitet. Da må du betale sjølv. Prisen ligg mellom 2000 og 4000 kroner per fag, avhengig av type fag (2026-tal).
Andre tilbod til vaksne
Dersom du har gjennomført vidaregåande opplæring som ordinær elev, men har fått karakter 1 eller IV (Ikkje vurdert) i eitt eller fleire fag, kan du ha rett til å få meir opplæring i faget. Du må ta kontakt med skolen du har gått på.
Dersom du har gjennomført videregående opplæring for vaksne, men har fått karakter 1 eller IV (Ikkje vurdert) i eitt eller fleire fag, kan du ha rett til å få meir opplæring i faget. Du kan ta kontakt med oss på epost e-post: vakseninntak@mrfylke.no for informasjon om korleis du søker om meir opplæring.
Du har ikkje rett til meir opplæring i fag du har bestått, sjølv om du er misfornøgd med karakteren. Då må du ta eksamen som privatist i faget.
Det er fleire måtar å ta fagbrev som vaksen:
- vaksen lærling (lærling, lærekandidat og praksisbrevkandidat)
- fagbrev på jobb
- praksiskandidat
Les om dei ulike ordningane her
Kontakt
vakseninntak@mrfylke.no