Om du har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, skal du få eit opplæringstilbod som fører fram til ein av tre sluttkompetansar av det fylkeskommunen tilbyr. Du kan ikkje ta imot tilbod om videregåande opplæring dersom du allereie får videregåaende opplæring eller har lærekontrakt.
Generelt
Du kan ha rett til vidaregåande opplæring for vaksne (vaksenrett) dersom
- du ikkje har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring
- du har fylt 19 år
- du har fullført grunnskoleopplæring i minst ni år eller tilsvarande
- du ikkje har utdanning frå utlandet som kan godkjennast som studie- eller yrkeskompetanse i Noreg
- du har gyldig opphaldsløyve
- du er folkeregistrert i Møre og Romsdal
Vi anbefaler at du har norsk på nivå B1 før du startar med opplæringa.
Sjølv om du oppfyller desse krava, må du formelt søke om rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Sjå informasjon om korleis du søker lenger ned denne på sida.
Om du har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, skal du få eit opplæringstilbod som fører fram til eitt av tre opplæringstilbod av det fylkeskommunen tilbyr. Dersom du er tilsett i ei bedrift som kan gi i opplæring i eit anna fag, kan fylkeskommunen inngå avtale med bedrifta om opplæring.
Når ønska dine blir vurdert, ser vi på arbeidserfaring, tidlegare utdanning og behova i arbeidsmarknaden i fylket. Du har rett på den sluttkompetansen som gjer deg kortaste veg til arbeid.
Du skal berre ha opplæring i fag du manglar for å oppnå ønska sluttkompetanse. Det kan vere opplæring med standpunktkarakter eller støttekurs før privatisteksamen.
Du kan ta enkeltfag eller heile utdanningsprogram, og du har rett til å fullføre opplæring du har starta.
Undervisninga er organisert i eigne grupper, den er fleksibel og tilpassa behova og realkompetansen din.
Du kan kombinere opplæringa med jobb og omsorgsoppgåver.
Tilboda kan bli gitt som samlingar, på dag- eller kveldstid, som nettundervisning eller kombinasjon av desse.
Generell studiekompetanse kan du få som nettbasert tilbod, eller fysisk tilbod i Ålesund eller Molde.
Det er innført modulstrukturert fag- og yrkesopplæring (MVOV) i enkelte fag, slik at du kan bygge kompetansen modul for modul. Sjølv om du må avbryte opplæringa, treng du ikkje å starte heilt på nytt. Modular som er godkjent, er du ferdig med. Det meste av opplæringa blir gitt ute i bedrift.
Her finn du informasjon om modulstrukturert opplæring
Stad
I Møre og Romsdal har vi fire opplæringsregionar. I kvar region ligg eit ressurssenter som organiserer vidaregåande opplæring for vaksne. Opplæringa føregår på ein av våre vidaregåande skolar.
- Nordmøre (Kristiansund vgs.)
- Romsdal (Romsdal vgs.)
- Nordre Sunnmøre (Borgund vgs.)
- Søre Sunnmøre (Ørsta vgs.)
Her finn du kontaktinformasjon
Tidspunkt for undervisning
Opplæringa for vaksne kan foregå både på dag- og kveldstid. Det kan vere samlingsbasert eller kombinasjonsløp. Det blir laga ein eigen plan for opplæring for kvar enkelt søkar.
Nettundervisning
Opplæring i studiekompetansefag for vaksne kan skje som nettundervisning gjennom Nettskolen Møre og Romsdal.
Slik søker du
Du søker i Vigo. Vel «Vaksne som søker vidaregåande opplæring eller realkompetansevurdering». Du skal sette opp tre alternative sluttkompetansar, i prioritert rekkefølge, av det Møre og Romsdal tilbyr.
Slik fungerer det
1. Deltakaren søker på vigo.no
2. Fylkeskommunen v/ressurssenteret gjennomfører realkompetansevurdering og lagar ein plan for opplæringa
3. Det blir skrive lærekontrakt eller avtale om alternativt opplæringsløp
4. Opplæringa skjer hovudsakleg i bedrift, eventuelt på vidaregåande skole
5. Førebuande kurs i norsk eller grunnleggande ferdigheiter i faget kan vere aktuelt før opplæring startar
Ansvar og organisering
Opplæringsstaden har ansvar for opplæringa i samarbeid med fylkeskommunen. Fylkeskommunen har ansvar for vurdering i samarbeid med opplæringsstaden. Kandidaten blir meldt opp til fagprøve ved slutten av opplæringa.
Søknadsfrist
Modulstrukturert opplæring for vaksne (MVOV) kan starte fortløpande. Andre yrkesfag og fag for studiekompetanse blir normalt starta opp i august/september og januar/februar. Du kan søke om opplæring når som helst i løpet av året, men
- du bør ha søkt innan 1. mars for oppstart august/september
- du bør ha søkt innan 1. oktober for oppstart i januar/februar
Krav til dokumentasjon
Rett kopi: Dokumentasjon skal vere stempla og signert av offentleg myndigheit, for eksempel kommune, skole, NAV eller bibliotek.
Sjekk at skolegangen din er registrert på vigo.no.
Dersom noko manglar, må du sjølv registrere dette og laste opp dokumentasjon i søkeportalen.
Last opp:
- Kompetansebevis
- Vitnemål (dersom du ikkje har utdanning etter grunnskolen, må du laste opp eller sende kopi av grunnskolevitnemålet)
- Fag- sveinebrev
- Karakterutskrifter
Dersom du får problem med å laste opp dokument, kan du ta kontakt med oss på e-post: vakseninntak@mrfylke.no
Registrer tidlegare skolegang i Vigo.no og last opp vitnemål og anna dokumentasjon. Send også resultat av norsktest og svar frå HK-dir dersom du har dette.
Alle dokument som ikkje er frå Noreg, må vere omsett til norsk eller engelsk av ein godkjent translatør.
All dokumentasjon må vere stempa og signert av norsk offentleg myndigheit, for eksempel kommune, skole, NAV eller eit bibliotek.
Dersom du får problem med å laste opp dokument, kan du ta kontakt med oss på e-post: vakseninntak@mrfylke.no
Du må ha fullført 9 år i grunnopplæring for å få tilbod om vidaregåande opplæring for vaksne.
Kan du ikkje dokumentere grunnskoleopplæring kan kommunen realkompetansevurdere deg, eller vurdere om du treng opplæring i fag for å kvalifisere til vidaregåande opplæring.
Manglar du dokumentasjon på utdanninga di, må du ta kontakt med lærestaden der du tok utdanninga og be om kopi. Dersom du ikkje greier å skaffe dokumentasjon, så må du skrive det i søknaden i vigo.no under «ytterlegare kommentarar».
Dersom du har studiekompetanse frå utlandet, har du kanskje godkjent studiekompetanse i Noreg. Utdanninga di må stå på GSU-lista, og du må dekke norsk- og engelskkrav.
Dersom du ikkje dekker språkkravet kan du:
- Søke om studiekompetanse og få opplæring i dei faga du manglar
- Søke om opplæring som gir yrkeskompetanse eller fag-/sveinebrev
Har du fullført høgare utdanning i utlandet, kan du likevel få tilbod om opplæring i norsk og/eller engelsk for å dekke språkkrav til høgskole/universitet i Noreg. Då søker du generell studiekompetanse og legg ved dokumentasjon.
Slik får du svar på søknaden
Du får først eit enkeltvedtak om rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Svaret får du i digital postkasse, eller med vanleg papirpost. Les nøye gjennom brevet du får.
Dersom du har rett til vidaregåande opplæring, blir søknaden din sendt vidare til regionalt ressurssenter. Ressurssenteret gjennomfører realkompetansevurdering, lagar ein opplæringsplan for deg, og gir deg tilbod om opplæring.
Andre tilbod til vaksne
Dersom du har gjennomført vidaregåande opplæring som ordinær elev, men har fått karakter 1 eller IV (Ikkje vurdert) i eitt eller fleire fag, kan du ha rett til å få meir opplæring i faget. Du må ta kontakt med skolen du har gått på.
Dersom du har gjennomført videregående opplæring for vaksne, men har fått karakter 1 eller IV (Ikkje vurdert) i eitt eller fleire fag, kan du ha rett til å få meir opplæring i faget. Du kan ta kontakt med oss på epost e-post: vakseninntak@mrfylke.no for informasjon om korleis du søker om meir opplæring.
Du har ikkje rett til meir opplæring i fag du har bestått, sjølv om du er misfornøgd med karakteren. Då må du ta eksamen som privatist i faget.
Er du over 19 år, og har bestått fag- og yrkesopplæring, har du rett til påbygging til generell studiekompetanse.
- Er du mellom 19 og 24 år, kan du velge om du vil søke i ordinær vidaregåande opplæring eller vidaregåande opplæring for vaksne.
- Er du over 24 år må du søke vidaregåande opplæring for vaksne.
I vidaregåande opplæring for vaksne i Møre og Romsdal, får du tilbod om studiekompetansefaga etter 23/5-regelen og påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse.
Du søker på vigo.no
Dersom du har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, har du rett til vidaregåande opplæring fram til ein ny sluttkompetanse (fag-/sveinebrev) i eit yrkesfag. Dette gjeld innanfor faga fylkeskommunen tilbyr, med mindre du er tilsett i ei bedrift som kan gi i opplæring i eit anna fag. Da kan du ta kontakt med seksjon opplæring i bedrift.
Du bør ha praksis i det faget du ønsker opplæring i.
Viss dette er aktuelt for deg, kan du søke på vigo.no.
Det er fleire måtar å ta fagbrev som vaksen:
- vaksen lærling (lærling, lærekandidat og praksisbrevkandidat)
- fagbrev på jobb
- praksiskandidat
Les om dei ulike ordningane her
Kontakt
-
Laila H. Tretnes Nielsen (rådgivar)
Gyrid Otnes Madsen (rådgivar)