Klage på tannbehandling

Vi vil at du som brukar eller pårørande skal være fornøgd med informasjonen og tannbehandlinga du får hos oss.  

Vi arbeider kontinuerleg med å forbetre våre tenester, men uklarhet og feil kan likevel forekomme. Viss du ikkje er fornøgd med behandlinga du har fått, eller meiner du ikkje har fått den helsehjelpa du har krav på, kan du klage. 

Slik går du fram dersom du vil klage

Merk at denne klageordninga gjeld kun for klager på offentleg tannhelsetenester.  Se under for klage på privat tannbehandling.

  1. Ta kontakt med den som har behandla deg eller tannklinikken din. Dersom de finn ei tilfredsstillande løysing, blir saka avslutta.
  2. Er det vanskeleg å løyse saka på denne måten, kan du klage skriftleg til overtannlegen i regionen. Overtannlegen, vil i samråd med fylkestannlegen, behandle saka. 
  3. Dersom du ikkje får medhald i klagen, kan du klage til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Frist for å klage vidare er fire veker. Klage til Statsforvaltaren skal vere skriftleg. Klagen skal vere underteikna av deg eller ein som representerer deg. Klagen skal innehalde det du klager på, og opplysningar du meiner har betydning for behandling av klagen.
  4. Du kan også få hjelp hos Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal.

Klage på behandling hos privat tannlege eller tannklinikk

Ønsker du å klage på private tannhelseteneste må du ta kontakt med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Dersom den private tannlegen er medlem av Den norske tannlegeforening kan klagen sendast til lokal klagenemd. Du finn meir informasjon om klagerettar på nettsidene deira.

Les om klagemuligheter på helsenorge.no.