Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket.

For timebestilling, endringer av time eller spørsmål om tannbehandling, kontakt din tannklinikk

Om tannhelsetenesta

Den offentlege tannhelsetenesta gir tilbod om regelmessig, gratis eller rabattert tannbehandling til alle grupper pasientar som har rettar etter tannhelsetenestelova. Dei klinikkane som har kapasitet, tar og imot vaksne betalande pasientar. 

Tannhelsa er ein del av folkehelsa, og den offentlege tannhelsetenesta i fylket organiserer også helsefremmande og førebyggande tiltak utanfor klinikkane. Målet er å bidra til god folkehelse gjennom å arbeide for at befolkninga har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som set dei i stand til å oppretthalde ei god tannhelse heile livet. 

For generelle henvendelser til tannhelse, kontakt Fylkestannlegens kontor

Epost: fylkestannlegen@mrfylke.no

Telefon: 71 28 03 00

Besøksadresse: Fylkeshuset, Julsundvegen 11, 6415 Molde

Postadresse: Fylkestannlegen i Møre og Romsdal fylkeskommune, Postboks 2500, 6404 Molde

Viktig: Spørsmål om timeavtaler eller tannbehandling må rettast til den enkelte tannklinikk.  Pasient- og helseopplysningar skal ikkje sendast på epost.