Prisar for tannbehandling

Her er ein oversikt over takstar for vaksne betalande pasientar i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal. Takstane gjeld frå 1. januar 2024.

For timebestilling, endringar av time eller spørsmål om tannbehandling, kontakt din tannklinikk.

  • I dei aller fleste tilfelle nyttast det stykkpris på tannbehandlingar.  
  • I nokre tilfelle kan timehonorar nyttast, til dømes ved meir tidkrevande og/eller komplisert tannbehandling, ved enkelte større kirurgiske inngrep, eller ved opplæring til eigenomsorg og førebyggjande behandling.  
  • Ved større kirurgiske inngrep kjem utgifter til eingongsutstyr og sterilt spesialutstyr i tillegg. 

Dersom du ikkje kan møte til timen? 

Dersom du ikkje har anledning til å møte til avtalt time, må du gi oss beskjed på telefon så fort som mogleg. Ring oss gjerne dersom du har behov for tannbehandling utanom innkalt time. 

Vaksne betalande pasientar som ikkje møter til avtalt time eller melder avbod seinare enn 24 timer før avtalt time, blir belasta med 800 kr. 

Offentlege takstar for tannbehandling

Takstar for behandling av betalande klientell i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal.

Helse- og omsorgsdepartementet har publisert og fastsett nytt regelverk og takstar frå 1.1.2024 for folketrygdens stønad til tannbehandling: