Personar med psykiske lidingar som får poliklinisk behandling i spesialisthelsetenesta over ein samanhengande periode på minst tre månader, har rett til gratis naudsynt tannbehandling ved offentleg tannklinikk.
Akutthjelp ved tiltak med kortare varigheit enn tre månader utløyser honorar.
Føresetnad: Pasienten må ikkje ha inntekt frå arbeid, sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar (tidlegare attføringspengar, rehabiliteringspengar eller tidsavgrensa uførepensjon).
Dokumentasjon: Kopi av stadfesting på uføretrygd frå NAV eller Skatteetaten skal leggjast ved skjemaet. Dokumentasjonen må leggjast fram for tannhelsetenesta før behandlinga startar. Det er krav om årleg dokumentasjon for å behalde retten til gratis tannbehandling.
Retten fell bort dersom den psykiatriske behandlinga i spesialisthelsetenesta blir avslutta.