Med denne prisen ønsker vi gjere stas på alle dei dyktige lærlingane i fylket vårt og samtidig synliggjere yrkesfaga.
Kven kan nominere
Prøvenemnder, opplæringskontor og lærebedrifter kan sende inn forslag på aktuelle kandidatar.
Frist for å sende inn nominasjon
10. januar
Juryen
Kompetanse- og næringsavdelinga og Yrkesopplæringsnemnda vurderer dei innkomne forslaga og kårar ein vinnar.
Lærlingane vil bli vurdert etter desse kriteria:
- Ei særs dugeleg gjennomført fag-/sveineprøve der det blir lagt vekt på fagleg kunnskap og ferdigheit utanom det vanlege (med karakter “bestått meget godt”).
- Positive eigenskapar som handlag, nøyaktigheit, flid, effektivitet, ressursutnytting og orden. Dette inneber ei heilskapleg vurdering av kandidaten som fagperson.
Den nominerte kandidaten må ha avlagt prøve innan 31. desember, og nominasjonen må sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 10. januar.
Prisen
Årets lærling får 10 000 kroner, diplom og blomster. Lærebedrifta der lærlingen har vore tilsettt får også diplom og blomster.
Nominer lærlingen her
Fyll ut skjema for å nominere lærlingen