Arrangement, kompetanseheving og nettverksbygging – Regionale kulturfond Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer eit breitt spekter av aktørar til å søke støtte til arrangement, kompetanseheving og nettverksbygging. Prosjekta skal bidra til eit opent, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile fylket.

I denne ordninga kan du søke om midlar til å leie inn profesjonelle kunstnarar og/eller andre personar med relevant kompetanse. Du kan søke om støtte til kurs- og kompetanseheving, nettverk og kulturarrangement. Formålet er å stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet. Med denne ordninga vil vi styrke samspel mellom profesjonelt og frivillig kulturliv og forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit.

I 2025 er ramma for ordninga 1,5 mill. kroner.

Les dei fullstendige retningslinjene for ordninga (PDF, 120 kB).

Kva kan du søke støtte til?

1. Støtte for innleige av profesjonelle aktørar innan kunst, kultur og kulturmiljø som skal bidra i lokale eller regionale arrangement. Dette kan inkludere:

  1. Lønn, honorar og/eller reisekostnader
  2. Leige av lokalar for øving, produksjon eller visning i samband med konkrete arrangement eller tiltak
  3. Logistikk, grafisk materiell og anna marknadsføring samt andre reelle kostnader knytt til gjennomføringa av arrangementet

2. Kompetanse- og nettverksutvikling
Støtte kan bli gitt til tiltak som bidreg til kompetanseheving, nettverksbygging og etablering av møteplassar innan kunst, kultur og kulturmiljø. Tiltaka skal bidra til å bygge opp både kunnskap og kapasitet, og kan gjerne skje i samarbeid mellom fleire aktørar. Målet er å styrke kulturlivet gjennom samarbeid på tvers av fag, uttrykk og profesjonar.

Dette kan for eksempel vere:

  • kurs, seminar, workshops og instruksjon retta mot frivillige og/eller profesjonelle aktørar.
  • å legge til rette for etablering av nye nettverk og faste møteplassar kor profesjonelle og/eller frivillige kulturaktørar kan møtast, dele erfaringar eller koordinere og planlegge samarbeid.

Det blir ikkje gitt støtte til tiltak eller arrangement som har blitt gjennomført før søknadsfristen. De får ikkje støtte når dato for gjennomføring er under 6 veker etter søknadsfrist.

Det blir ikkje gitt støtte til drift av faste og allereie etablerte nettverk og møteplassar.

Kven kan søke om støtte?

  • Arrangørar av offentlege arrangement som skal nå eit breitt publikum
  • Kommunar som arrangør eller tilretteleggar for samarbeid
  • Kunst- og kulturinstitusjonar
  • Profesjonelle kunstnarar og kunstnarfellesskap
  • Små verksemder innan kulturell og kreativ næring*
  • Frivillige lag og foreiningar og paraplyorganisasjonar med ein tydeleg kunst-, kultur og/eller kulturmiljøprofil

Søkar har ansvar for å planlegge, organisere og gjennomføre arrangementet. Søkar må vere registrert i Enhetsregisteret og ha si hovudverksemd i Møre og Romsdal.

Formål

Formålet med desse midlane er at dei skal bidra til gode lokalsamfunn og eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i hele landet. Tilskotsmidlane skal stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet, styrke samspel mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit og bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet lokalt og regionalt.

Frå «Forskrift om Regionale kulturfond»

Søknadsfrist

Ordninga opnar torsdag 21. august og har søknadsfrist 1. oktober 2025.

Sjå alle opne søknadsskjema

Under føresetnad av vidare tildeling til regionale kulturfond over statsbudsjettet, ordninga tre søknadsfristar frå og med 2026, 1. februar, 1. mai og 1. september.