Om ordninga
Ordninga skal legge til rette for meir samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet. Målet er å skape betre og meir arbeidsrelevant utdanning i fylket og gjere elevar og studentar betre kjent med arbeidslivet i regionen.
Universitet, høgskolar, fagskolar og vidaregåande skolar kan søke støtte frå ordninga. Fylkeskommunen kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet, og maksimal støtte per prosjekt er 200 000 kroner.
Kva kan du søke støtte til
Søknaden må omhandle eitt eller fleire desse områda
- bruk av arbeidslivet inn i undervisning og opplæring
- meir praktisk opplæring
- samarbeid om oppgåver mellom arbeidslivet og studentar og elevar
Særskilt for vidaregåande skolar
- Prosjekt skal omfatte opplæring i vg1 og vg2 på yrkesfag eller vg1, vg2 og vg3 på studieførebuande utdanningsprogram.
- Prosjekt knytt til YFF (Yrkesfagleg fordjuping) ligg utanfor ordninga.
- Der ein skole søker fleire prosjekt skal skolen prioritere prosjekta i ei vedlagt liste.
Vi legg desse spørsmåla til grunn når vi vurderer søknaden
- Svarer søknaden ut målet til ordninga?
- Tilfører prosjektet meir praktisk opplæring og arbeidslivsrelevans for elevar/studentar?
- Er aktivitetar, framdriftsplan og kostnads- og finansieringsplan godt beskrive i søknaden?
- Er det sannsynleg at planane for gjennomføring blir følgde?
Døme på kostnader som ein kan få støtte til
- Kostnadar knytte til utvikling av opplæringstiltak (til dømes møtekostnadar, planlegging av tiltak).
- Kostnadar knytte til gjennomføring av tiltak (til dømes leie av fagpersonar frå arbeidslivet inn i undervisning, mindre kostnadar til fysisk utstyr, programvare og likande).
Generelle vilkår
- Du kan søke om støtte til kostnader knytt til planlegging og gjennomføring av aktivitet i prosjektet, ikkje til ordinær drift.
- Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført.
- Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.
- Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnads- og finansieringsplan og korleis ein skal kommunisere resultat av prosjektet.
- Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats skal prisast til 1,2 promille av årsløn, men maksimalt 700 kroner per time.
Søknadsfrist
8. november 2024
Søk på regionalforvaltning.no