Betre tilgang til arbeidskraft med rett kompetanse

Offentleg og private verksemder kan søke støtte til å utvikle nye utdanningstilbod, kompetanseprogram eller samarbeid om å kvalifisere fleire. 

Målet med ordninga

Ordninga skal legge til rette for prosjekt for å betre tilgangen på arbeidskraft med rett kompetanse i Møre og Romsdal. Ordninga skal fremje utvikling av relevante utdanningstilbod, auka samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet, gjere utdanning meir tilgjengeleg for folk i distrikta og bidra til å kvalifisere fleire som står utanfor arbeidslivet en veg inn. Ordninga er eit tiltak knytt til Fylkesstrategi for kompetanse.  

Søk her

Kven kan søke?  

Både utdanningstilbydarar og offentlege eller private verksemder kan søke støtte, men ordninga vil prioritere prosjekt der desse aktørane inngår i eit tydeleg og forpliktande samarbeid med kvarandre.  

Kva kan du søke støtte til?

Utvikle nye utdanningstilbod som er relevante for arbeidslivet

Nye utdanningstilbod kan vere innanfor universitet og høgskole, høgare yrkesfagleg utdanning (fagskole) eller vidaregåande opplæring. Nye utdanningstilbod skal gi formell kompetanse i form av fagbrev eller studiepoeng, og kan vere nye emne eller modular eller nye måtar å tilby eksisterande utdanningstilbod på.  

Døme på nye måtar å tilby eksisterande utdanningstilbod på kan vere å tilpasse stadbasert opplæring til samlingsbasert og/eller nettbasert opplæring.  

Utvikle nye kompetanseprogram som er relevante for arbeidslivet 

Med kompetanseprogram meiner vi ei strukturert opplæring med fagleg innhald. Programmet skal vere utvikla med mål om deltaking frå fleire organisasjonar.    

Det er ikkje krav om at kompetanseprogram skal gi formell kompetanse, men du kan ikkje søke støtte til konferansar, korte møter og verkstader.

Utvikle samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidsliv

Her kan du søke om støtte til mindre prosjekt med maksimal støtte per prosjekt er 200 000 kroner. Målet er å skape betre og meir arbeidsrelevant utdanning i fylket og gjere elevar og studentar betre kjent med arbeidslivet i regionen.  

Søknaden må omhandle eitt eller fleire desse områda

  • bruk av arbeidslivet inn i undervisning og opplæring
  • meir praktisk opplæring
  • samarbeid om oppgåver mellom arbeidslivet og studentar og elevar

Utvikle samarbeid om og nye måtar å kvalifisere fleire som i dag står utanfor en veg inn i arbeidslivet

Det er i dag mange som står utanfor arbeidslivet i fylket. Under ordninga kan de søke om prosjekt som legg til rette for at fleire av de som står utanfor kjem i jobb. Prosjekt kan anten vere knytt til utvikling av samarbeid mellom aktørar, eller utvikling av nye måtar å kvalifisere fleire som i dag står utanfor arbeid inn i arbeidslivet.