Forprosjekt nye utdanningstilbod

Utdanningsinstitusjonar og organisasjonar som representerer arbeidslivet kan søke støtte til å utvikle utdanningstilbod som er særleg relevante for å møte kompetansebehovet i privat og offentleg sektor.

  • Målet med ordninga

    Ordninga skal bidra til å utvikle nye utdanningstilbod som møter kompetansbehova i arbeidslivet i Møre og Romsdal. Prosjekt som får støtte skal enten legge grunnlag for nye tilbod i fylket eller styrke prosjekt slik at dei kan nå opp i nasjonale utlysingar for utvikling av nye utdanningstilbod. 

Kven kan søke

Utdanningstilbydarar (universitet og høgskolar, fagskolar og vidaregåande skolar) og organisasjonar som representerer arbeidslivet, kan søke. Ordninga prioriterer prosjekt der desse aktørane samarbeider tydeleg og forpliktande. 

Vilkår

Kva kan det søkast om støtte til 

Nye utdanningstilbod kan vere innan universitets- og høgskolesektoren, høgare yrkesfagleg utdanning (fagskole) eller vidaregåande opplæring. Dei skal gi formell kompetanse i form av fagbrev eller studiepoeng.

Med nye utdanningstilbod meiner fylkeskommunen:

  • Tilbod som ikkje finst i Møre og Romsdal
  • Nye måtar å tilby eksisterande tilbod på

Utdanningstilbod som ikkje finst frå før kan vere både fulltidsutdanning og korte modular eller emne.  

Nye måtar å tilby eksisterande tilbod på kan til dømes vere å gå frå stadbasert opplæring til samlingsbasert eller nettbasert opplæring. 

Korleis skal utdanningstilbodet nå ut

Søknaden skal beskrive korleis tilbodet skal nå aktuelle deltakarar utover dei som allereie er med i prosjektet. 

For tilbod retta mot næringslivet skal små og mellomstore bedrifter vere ei sentral målgruppene. Søknaden må vise korleis behovet i denne målgruppa er kartlagt og korleis tilbodet skal nå ut til små og mellomstore bedrifter.

Omfang av støtte og eksempel på kostnadar

Fylkeskommunen kan dekke inntil 50% av prosjektkostnadane og maksimalt 450 000 kroner per prosjekt. 

Eksempel på kostnader ein kan få støtte til: 

  • kartlegging av kompetansebehov i arbeidslivet, for eksempel i ein bransje/næring/sektor
  • utgreiing av innhaldet i eit nytt utdanningstilbod eller kompetanseprogram
  • samarbeid mellom utdanningstilbydar og arbeidsliv om utvikling av nye tilbod, for eksempel prosjektleiing og møtekostnadar  

Avgrensing: Kva kan det ikkje søkast om støtte til?  

Forprosjektmidlar kan ikkje brukast til: 

  • Drift av nye tilbod
  • Marknadsføring eller drift av eksisterande utdanningstilbod   

Statsstøtte

Søknadar vert vurdert opp mot statsstøtteregelverket. For dei prosjekta der statsstøtteregelverket trer i kraft, vil støtte frå ordninga bli gitt som opplæringsstøtte (artikkel 31 i gruppeunntaket).

Søknadsfrist

Vi tar imot søknadar fortløpande.

Send søknad på Regionalforvaltning.no