Forsking og utvikling (FoU)-prosjekt i bedrifterBedrifter og bedriftsnettverk kan søke tilskot til mindre innovasjonsprosjekt i tidleg fase (MobPro forprosjekt) og til større kvalifiseringsprosjekt.Målet med ordningaOrdninga skal styrke forskings- og innovasjonsevna til næringslivet i Møre og Romsdal, og bygge relevant kunnskap hos FoU-miljøa våre.Fylkeskommunen har to tilskotsordningar for FoU-prosjekt:MobPro-forprosjekt Dett er mindre FoU-prosjekt innretta mot tidleg fase av eit utviklingsløp, og som skal mobilisere bedrifter med lite FoU-erfaring til å samarbeide med forskingsmiljø om innovasjon.Kvalifiseringsprosjekt Kvalifiseringsstøtte kan bli gitt til prosjekt som, med bidrag frå forsking, utviklar nye, berekraftige og forbetra løysingar. Prosjekta skal ha klare intensjonar om videreføring i større FoU-prosjekt.Kven kan søke?Både bedrifter og bedriftsnettverk i Møre og Romsdal kan søke. Søkar må samarbeide med minst eitt godkjent FoU-miljø.Kva kan du søke støtte til?Du kan søke om tilskot til gjennomføring av eit FoU-prosjekt. Kostnadar som gir grunnlag for tilskot er: bedrifta sine personalkostnader i arbeid med prosjektet,kjøp av FoU-tenesterandre relevante prosjektkostnader, som til dømes leige av lab og utstyr, innkjøp av råstoff eller liknande.Søknad og søknadsfristarSøknader om tilskot til MobPro forprosjekt (inntil 400 000 kroner) har ingen søknadsfrist og vert behandla fortløpande av kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen.Søknader om tilskot til kvalifiseringsprosjekt (inntil 700 000 kroner) vert behandla politisk av kompetanse- og næringsutvalet, og må leverast innan ein av desse fristane1. mai 2025 (blir behandla 5. juni)1. juli 2025 (blir behandla 18. september)15. september 2025 (blir behandla 23. oktober)1. november 2025 (blir behandla 4. desember) Fylkeskommunedirektøren kan bestemme at også søknader om mindre enn 500 000 kroner blir lagt fram for politisk behandling, dersom vedtaket krev politisk skjønn. SøknadDu kan lese meir om vilkåra og sende inn søknad på Forskingsrådet sin søknadsportal (RFF Møre og Romsdal).