Friluftslivets ferdselsårer er eit fleirårig prosjekt som er satt i gang av Klima- og miljødepartementet (KLD). Prosjektet starta i 2019. Prosjektet skal fremme kartfesting, planlegging, opparbeiding, og skilting og merking av samanhengande nettverk av ferdselsårer for friluftsliv.
Kommunar som følger ein plan for friluftslivets ferdselsårer, vil i åra som kjem bli prioritert i fordelinga av tilskot til friluftslivsanlegg.
Arbeidet med prosjektet består av tre fasar:
- Kommunen melder inn status til Kartverket sin database for turruter
- Kommunen utarbeider plan for friluftslivets ferdselsårer
- Kommunen og samarbeidspartar realiserer planlagde tiltak
Kva kan du søke støtte til?
Kommunen kan søke om støtte til å gjennomføre dei to første fasane:
- Kommunen kan søke om 25 000 kroner til støtte for gjennomføring av kartfesting av rutenettet
- Kommunen kan søke om 35 000 kroner til arbeidet med plan for friluftslivets ferdselsårer
Det er i tillegg sett av ressursar i kvart av dei to friluftsråda i fylket som kan bidra inn i arbeidet.
Les dei fullstendige retningslinjene for friluftslivets ferdselsårer (PDF, 83 kB).
Kven kan søke støtte?
Kommunar
Søknadsfrist
1. november
Send inn din søknad