Fylkesprisen Årets bedrift

Formålet med prisen er å motivere og inspirere næringslivet i fylket til innsats for samfunnet. Prisen blir delt ut på fylkestinget i april 2025. Prisen vart oppretta av Møre og Romsdal fylkeskommune i 1991. Prisen skal gå til ei bedrift i Møre og Romsdal som på ein eller fleire måtar har utmerka seg. Kandidatane kan komme frå alle bransjar innan industri, handverk, service og opplevingsnæringane.

Kriterium for prisen

Vinnaren vil bli vurdert etter følgande kriterium: 

  • Bedriftsøkonomisk vurdering
  • Rolle i regional næringsutvikling (teknologi- og kompetanseutvikling, innovasjon, nyetablering og sysselsetting, ringverknad i lokalsamfunn og region
  • Internasjonalisering
  • Miljøprofil (omfattar både generell miljøprofil, miljøvenlege produkt og miljøvenleg produksjon)
  • Organisasjon (leiing, rekrutterings- og personalstrategi, HMS-profil
  • Strategi for å ta imot lærlingar

Send inn forslag innan 06.02.2025