Formål
Habitatkartlegging og tiltaksplanar vil vere grunnlaget for å sikre godt vassmiljø i sjøaurebekkane, og det vil vere eit ledd i å nå målsetningar i Regional vassforvaltningsplan.
Målgruppe
Kommunar, vassområdeutval, organisasjonar, grunneigarlag eller elveeigarlag kan søke om støtte.
Vilkår
Tiltaket må bidra til å følgje opp Regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion 2022-2027
Kartlegging, flaskehalsanalyser og tiltaksplanlegging er grunnlaget for å komme vidare med gjennomføring av habitatforbetrande tiltak i sjøaurevassdrag, og for å vere i posisjon til å søke midlar til tiltaksgjennomføring. Det kan søkast om støtte til flaskehalsanalyser, habitatkartlegging og tiltaksplanar i bekkar med sjøaure. Andre tiltak og prosjekt relevant for vassforvaltnings skal søkast tilskot frå ordinær ordning for vassforvaltning HER.
Avgrensing - Kva kan det ikkje søkast om støtte til
- Tiltak i prioriterte vassførekomstar og tiltak fastsett i tiltaksprogram vil bli prioriterte. Det kan ikkje søkast støtte til generelle formidlingsprosjekt.
- Vi gjev ikkje tilskot til tiltak som fell inn under anna sektoransvar (forureinar betalar-prinsippet).
Generelle vilkår
- Midlar som blir lyst ut skal løyvast etter gjeldande regelverk for tilskotsforvaltning i fylkeskommunen.
- Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført.
- Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.
- Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan.
- Søknad og saksbehandling er offentleg.
Økonomisk ramme for ordninga
Det er sett av ei økonomisk ramme på NOK 500.000 til ordninga i 2024.
Søknadsfrist
15. april
Søk på regionalforvaltning.no