Regionale kulturfond: Kunst- og kulturutvikling

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer eit breitt spekter av aktørar til å søke støtte gjennom dei regionale kulturfonda. Ordninga skal bidra til kunst- og kulturutvikling i heile fylket og omfattar større kunst-, kultur- og kulturmiljøprosjekt, produksjon og formidling av profesjonell kunst, samt bransjeutvikling innan kulturell og kreativ næring. 

Regionale kulturfond er finansierte over statsbudsjettet. Dei regionale retningslinjene vart vedtekne av kultur- og folkehelseutvalet 18. august 2025 og sist justerte i mars 2026. 

Merk: I 2026 vart ordninga slått saman med «Prosjektstøtte til profesjonell kunst og kultur». Profesjonelle kunstnarar og fagmiljø kan no søke støtte til produksjon og formidling gjennom dei regionale kulturfonda. 

Formål

Tilskotsordninga skal støtte kunst- og kulturutvikling som bidreg til eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile fylket. Midlane skal stimulere til innovasjon, samarbeid og kvalitativ utvikling i kunst- og kulturfeltet, og bidra til verdiskaping for regionen.

Økonomisk ramme

Den samla tilskotspotten går til prosjekt som oppfyller formålet med ordninga. I tillegg er delar av midlane øyremerkte særlege satsingar:

  • Profesjonelle kunst- og kulturprosjekt: 
    Minst 250 000 kroner er sett av til produksjon og formidling for det profesjonelle kunst- og kulturfeltet.
  • Barn og unge: 
    I 2026 er minst 250 000 kroner sett av til prosjekt der målgruppa er barn og unge.
  • Bransjeutvikling: 
    I 2026 er minst 250 000 kroner sett av til bransjeutvikling innan kulturell og kreativ næring.

Den årlege ramma blir justert ut frå tildelinga frå staten. 

Kva kan du søke støtte til?

Du kan søke støtte til:

  1. Større kunst, kultur- og kulturmiljøprosjekt 
    Prosjekt som styrkar kulturlivet og bidreg til samarbeid på tvers av fag, uttrykk, profesjonar og samfunnsmandat.
  2. Produksjon og formidling av profesjonell kunst og kultur 
    Prosjekt med høg kunstnarisk kvalitet og profesjonell gjennomføring. 
  3. Bransjeutvikling innan kulturell og kreativ næring 
    Prosjekt som utviklar samarbeid, struktur, organisering eller arbeidsmåtar i bransjen. 

Prosjekta skal:

  • ha relevans for fylkeskommunen sine satsingar og strategiar, mellom anna 
  • Fylkesplan 2025–2028 
  • Fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer
  • skape noko nytt eller forbetra, til dømes nye tilbod, uttrykk eller samarbeidsformer
  • gi resultat som er tilgjengelege for ei brei målgruppe eller eit breitt publikum
  • gjerne vere forankra i partnarskap mellom offentlege, private og frivillige aktørar

Støtta blir gitt for eitt år av gongen, men prosjekt kan vare i inntil tre år. Det kan søkast støtte til forprosjekt og/eller hovudprosjekt, og – under føresetnad av vidare statleg tildeling – fleire gonger til same prosjekt. 

Kven kan søke om støtte?

  • Kunst- og kulturinstitusjonar
  • Profesjonelle kunstnarar og kunstnarfellesskap innan musikk, scenekunst, litteratur, film og visuell kunst
  • Små verksemder innan kulturell og kreativ næring*
  • Frivillige lag, foreiningar og paraplyorganisasjonar med tydeleg kunst-, kultur- og/eller kulturmiljøprofil
  • Kommunar som er tilretteleggarar for større samarbeid
  • Organisasjonar, nettverk, kompetansesenter og andre aktørar som arbeider med bransjeutvikling innan kulturell og kreativ næring

Alle søkarar må vere registrerte i Enhetsregisteret og ha hovudverksemd i Møre og Romsdal. 

Kva blir det ikkje gitt støtte til?

Det blir ikkje gitt støtte til mellom anna:

  • aktivitetar som hovudsakeleg inneber idrett eller friluftsliv
  • ordinær drift eller investeringar og vedlikehald av bygg og anlegg arbeidsstipend
  • større investeringar i utstyr eller faste installasjonar
  • næringsutvikling
  • prosjekt som dekkast av Den kulturelle skolesekken
  • prosjekt som er starta eller gjennomførte før søknadsfristen
  • politisk verksemd

Fullstendig oversikt går fram av retningslinjene. 

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. mai kl. 23.59 kvart år, med føresetnad av vidare tildeling til regionale kulturfond over statsbudsjettet. 

Send inn søknaden din

Treng du ein mal, eller har du eit spørsmål? Ta ein kikk på denne sida.

Retningslinjer 

Her finn du retningslinjer for Regionale kulturfond: Kunst- og kulturutvikling (PDF, 173 kB)

Rapportering

Send inn rapportering

Desse har fått tildeling og avslag

2025 - Tildelingar og avslag i “Kunst- og kulturutvikling - Regionale kulturfond” (PDF, 209 kB)