Oversikt over ordningane våre
Her finn du ei oversikt over alle tilskot du kan søke frå fylkeskommunen. Bruk dei ulike vala i menyen til venstre, så kan du enkelt sortere og søke på det som er mest relevant for deg.
Treng du ein mal?
Er du litt usikker på korleis du skal sette opp nokre av dokumenta vi spør om? Her kan du finne malar som du kan ta utgangspunkt i til søknaden din. Når du klikkar på dei, lastast dei ned på enheten din.
Vil du sjå på ein søknad du har sendt inn?
Fordi du logga inn med ID-porten da du leverte søknaden, ligg søknaden lagra på profilen din. Følg denne lenka for å komme til portalen kor du sendte inn søknaden din. Når du har logga inn, kan du finne både søknadar du har starta på og fullførte skjema, altså ferdige søknadar, inne på sida “Mine skjema” som du finn i toppmenyen når du er logga inn.
Skal du levere rapportering?
Er prosjektet ditt ferdig? Nærmer rapporteringsfristen seg? Som hovudregel skal du levere rapportering eit år etter at du fekk tildelinga. Datoen for tildelinga finn du i tildelingsbrevet ditt.
Følg denne lenka for å komme til rapporteringskjema.
Ønsker du å levere ei klage?
På kulturtilskota er det klagerett, med nokre unntak. Det står nedst i tildelingsbrevet ditt om du har klagerett eller ikkje. Ei klage må sendast inn innan tre veker frå den datoen du fekk brevet.
Klaga og eventuell ny dokumentasjon skal sendast digitalt via e-Dialog, som du finn via denne lenka.
Klaga vil bli behandla av instansen som har gjort vedtaket, som vil gjere ei ny vurdering i saka. Dersom ikkje vedtaket blir omgjort, blir klaga oversendt fylkeskommunen si klagenemnd for behandling. Det må påreknast noko saksbehandlingstid.
Ofte stilte spørsmål
Det varierer mellom ordningane. Sjå retningslinjene for ordninga du vil søkje på. Nederst på nettsida til kvar tilskotsordning finn du ofte tidlegare tildelingar og avslag. Der kan du sjå kva beløp som er gitt tidlegare og få ei peikepinn på nivået i ordninga. Tidlegare tildelingar er likevel berre rettleiande.
Vi behandlar søknader så snart som mogleg etter søknadsfristen. I mange tilfelle får du svar innan om lag fire veker frå første kvardag etter søknadsfristen. Viss det kjem røde dagar eller ferieavvikling i perioden, kan saksbehandlinga ta litt lengre tid. Dersom vi ikkje kan gi svar innan ein månad, får du eit førebels svar.
Når vedtaket er fatta, vil du få svar digitalt, og gjennom Altinn. Svaret på søknaden går til søkaren sitt oppgitte organisasjonsnummer og namn.
Det varierer mellom ordningane. Som hovudregel blir 75 prosent utbetalt etter vedtak, og dei siste 25 prosentane når sluttrapport og rekneskap er godkjent. Nokre ordningar har eigne reglar, så sjå alltid retningslinjene og tildelingsbrevet ditt.
Som hovudregel kan støtta frå fylkeskommunen maksimalt utgjere 50 prosent av totalbudsjettet for tiltaket. Eigeninnsats kan i nokre ordningar telje med som ein del av eigenfinansieringa. Sjå alltid retningslinjene for ordninga du søkjer på.
Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men ikkje ein garanti. Tildelinga skjer ut frå fastsette retningslinjer, krav og prioriteringar, som er opne og tilgjengelege for alle. Tilskotsmidlane er avgrensa, og det kjem ofte fleire søknadar enn det vi har midlar til. Derfor kan også søknadar som oppfyller krava få avslag eller ein lågare sum enn det som er søkt om.
Ja. Vedtak i tilskotssaker har status som [LM2.1]eit enkeltvedtak i forvaltningsloven, og du kan klage innan tre veker frå den datoen du fekk vedtaksbrevet.
Når vi får ei klage, gjer kulturavdelinga ei ny vurdering av saka. Dersom vedtaket ikkje blir omgjort, går klaga vidare til fylkeskommunen si klagenemnd for behandling. Det må påreknast noko saksbehandlingstid.
Klaga og eventuell dokumentasjon kan du sende digitalt via e-Dialog
I ordninga prosjektstøtte til allmenkultur og idrett meiner vi kulturtiltak som er opne for alle, og som har regional interesse eller verdi utover det lokale. Tiltaket skal kome kulturliv, frivillige og innbyggarar i Møre og Romsdal til gode.
Det betyr at tiltaket må ha betydning utover det lokale. Prosjektet må anten omfatte store delar av fylket, eller ha ein funksjon som er av vesentleg regional interesse og verdi.
Det varierer mellom ordningane. For fleire ordningar blir den økonomiske ramma fastsett årleg, og storleiken på potten kan derfor endre seg frå år til år.
Du finn informasjon om aktuell ordning på nettsida og i retningslinjene. Der det er relevant, kan du også finne oversikter over tidlegare tildelingar og avslag som gir eit bilete av nivået i ordninga.
Vi startar å behandle søknaden så snart vi kan etter søknadsfristen, og jobbar med han så fort det er mogleg – utan unødig venting. Søknader blir vurderte av fleire rådgivarar saman, for å sikre kvalitet og lik behandling.
Vurderinga byggjer på opplysningane du sender inn i søknaden. Dersom noko manglar eller er uklart, vil vi som hovudregel ta kontakt og be om opplysningar eller dokumentasjon, i tråd med rettleiingsplikta. Vurderingane inneber ofte skjønn, og i nokre tilfelle blir søknader drøfta av fleire for å sikre eit godt fagleg grunnlag og lik behandling.
Søknader som kvalifiserer for tilskot etter dei generelle vilkåra, blir også vurdert etter prioriteringskriteria i ordninga. Desse er uttrykt i retningslinja for den enkelte ordning.
Du får alltid skriftleg svar på søknaden. Får du støtte, står tildelt beløp og vilkår i brevet. Brevet kjem digitalt, og gjennom Altinn. Får du avslag, får du ei grunngiving for vedtaket. Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men ikkje ein garanti. Tilskotsmidlane er avgrensa, og sjølv søknadar som oppfyller krava kan få avslag eller ein lågare sum enn det som er søkt om.
Dersom du må gjere vesentlege endringar i tiltaket, må du ta kontakt med fylkeskommunen så snart som mogleg. Tiltaket skal gjennomførast slik det er skildra i søknaden og vedtaket, og endringar må avklarast på førehand. Viss tiltaket ikkje blir gjennomført som planlagt, eller kostnadene blir lågare enn budsjettert, kan støtta bli redusert.
Nei, du kjem ikkje inn på søknadsskjemaet etter at det er sendt inn.
Dersom søknadsfristen ikkje er passert og du har vesentlege endringar, kan du be om at søknaden blir trekt tilbake og så sende inn ein ny søknad.
Dersom det berre er små endringar, kan du ta kontakt med kontaktpersonen for ordninga og be om at opplysningane blir tekne inn i saka.
Du må seie frå til fylkeskommunen dersom det skjer vesentlege endringar i prosjektet eller budsjettet. Tiltaket må gjennomførast slik det er søkt om og i tråd med grunngivinga i vedtaket, og endringar må avklarast på førehand.
Støtta frå fylkeskommunen kan maksimalt utgjere 50 prosent av det totale budsjettet. Viss prosjektet ikkje blir gjennomført som planlagt, eller kostnadene blir lågare enn budsjettert, kan støtta bli redusert.
Storleiken på tilskot varierer frå ordning til ordning. Ved å sjå på tidlegare tildelingar og avslag på nettsida til ordninga, kan du få ei peikepinn på nivået.
Tidlegare beløp er likevel berre rettleiande. Tilskotet blir vurdert ut frå budsjettet for prosjektet, kva ordninga skal støtte, og kor mykje midlar som er tilgjengelege i den aktuelle runden.
I nokre tilfelle kan vi gi støtte til delar av eit prosjekt. Derfor kan beløpet bli lågare enn det som er søkt om. Kva støtta gjeld, og eventuelle vilkår, vil i så fall gå fram av tildelingsbrevet.
Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men ikkje ein garanti. Sjølv søknadar som oppfyller krava, kan få avslag eller lågare støtte enn søkt beløp.
Ja. Vi har rettleiingsplikt og hjelper gjerne med spørsmål om ordninga, søknaden og rapporteringa. Kontaktperson for den enkelte tilskotsordninga finn du på nettsidene våre.
Rapporteringsfristen står i tildelingsbrevet ditt. Du må sende inn rapport seinast tre månader etter at prosjektet er ferdig, og innan datoen som står i brevet. For å få utbetalt siste del av støtta, må sluttrapporten vere godkjend.
For nokre ordningar kan du søke om utsetting av perioden tilskotet skal brukast innan. Dette må gjerast innan fristen i tildelingsbrevet.
Har du forslag til andre ressursar som burde vere her?
Send oss gjerne ein e-post!