Kva kan du bruke stipendet til?
Stipendet skal brukast til arbeid med konkrete kunstnariske prosjekt, fagleg fordjuping og utvikling. Det kan òg brukast til andre kostnadar knytt direkte til den skapande verksemda.
Søkar skal berre sende inn ein søknad. Alle søknadar blir vurdert til arbeidsstipend og mindre stipend.
Stipendet kan ikkje brukast til å finansiere oppstart av næringsverksemd eller til finansiering av studiar.
Kven kan søke stipendet?
Profesjonelle kunstnarar som bur og har sitt virke i Møre og Romsdal.
Søkar må ha kunstnarisk verksemd som sitt hovudvirke.
Søkar må ha kunstfagleg utdanning på bachelornivå eller høgare eller kunne vise til kunstfagleg realkompetanse og profesjonell verksemd.
Formål
Kunstnarstipendet har som formål å:
- fremme kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hos kunstnarar som bur og arbeider i fylket
- stimulere til at kunstnarar etablerer seg i fylket
- gi kunstnarar moglegheit til å fordjupe seg kunstfagleg over tid for å utvikle seg og heve den kunstnarlege kvaliteten på arbeidet sitt
- gi kunstnarane mogleghet til å arbeide med nyskapande utviklingsarbeid
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. april kl. 13. 00 kvart år. Viss fristen er på ein heilagdag, blir fristen forlenga til første kvardag etter.
Søknadar som kjem etter fristen vil ikkje bli behandla.
Søknadsskjema blir tilgjengeleg i god tid før søknadsfristen.
Skal du rapportere?
Har du fått kunstnarstipend i 2024 eller tidligare? Da har du fått tildelinga di i portalen Regionalforvaltning. Da skal du også levere rapportering for stipendperioden din i same portal.
Logg inn i Regionalforvaltning
Saksbehandling
Kunstnarstipendet skal behandlast av kultur- og folkehelseutvalet i møtet 4. juni. Dei som får stipend får beskjed så snart som råd, etter møtet.
Retningslinjer
Retningslinjer for kunstnarstipendet (PDF, 92 kB)