Kystskogmidlar 2025

Fylkeskommunane i Agder, Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark lyser ut Kystskogmidlar for 2025. Føremålet med kystskogmidlane er å bidra til å løyse kystskogbruket sine særlege utfordringar, og vidareutvikle eit næringsretta skogbruk i kystfylka frå Agder til og med Finnmark, mellom anna gjennom infrastrukturtiltak og kompetanse.

Kystskogbruket ved fylkeskommunane mottar årleg kystskogmidlar over Statsbudsjettet, framforhandla over Jordbruksavtalen. Ramma i år er 6 mill. kroner.
Prosjekta skal vere fylkesoverskridande fellestiltak som bidreg til å nå måla i Melding om Kystskogbruket 2022.

Les meir og søk (trondelagfylke.no)

Søknadsfrist er 31.mars 2025  

Kontakt

Spørsmål til denne utlysinga: 

Andre spørsmål om arbeid med kystskogbruket i Møre og Romsdal