Kystskogmidlar 2026

Kystskogmidlane skal bidra til å løyse dei særskilde utfordringane for kystskogbruket, og vidareutvikle eit næringsretta skogbruk i kystfylka frå Agder til og med Finnmark. Dette skjer mellom anna gjennom infrastrukturtiltak og kompetanseheving.

  • Kven kan søke: Nærings- og bransjeorganisasjonar, kommunar og offentlege og private utviklingsaktørar. 
  • Ramme: Ordninga har i 2026 ei totalramme på 6 millionar kroner. 
  • Søknadsfrist: 31. mars 2026. 

Opprett søknad

Om støtteordninga

Melding om kystskogbruket vart først vedteken i 2008. Då starta samarbeidet Kystskogbruket, som består av fylkeskommunane, Skognæringa Kyst og Statsforvaltarane. Meldinga vart revidert i 2015, og på nytt i 2022. Alle kystfylka stilte seg bak Meldinga i 2022.

Revideringa i 2022 kom fordi skog og tre blir stadig viktigare både for CO₂‑lagring og for det grøne skiftet.

Visjonen i Melding om kystskogbruket 2022 er: Kystskogbruket er ein avgjerande bidragsytar for å nå berekraftsmåla og det grøne skiftet.

Hovudmålet er å bidra til verdiskaping, fleire grøne arbeidsplassar og lagring av CO₂. For å nå måla er det fire satsingsområde:

  • Klimabidrag og skogproduksjon
  • Auka bruk av tre og trebasert verdiskaping
  • Infrastruktur
  • Omdømme, rekruttering og nettverk

Fylkeskommunane får årleg kystskogmidlar over Statsbudsjettet gjennom Jordbruksavtalen

Kva kan det søkast støtte til?

  • Tiltak som bidreg til å realisere målsettingane i Melding om kystskogbruket 2022.
  • Prosjekt som er fylkesovergripande fellestiltak, og som hovudregel involverer minst tre kystfylke.
  • Prosjektaktiviteten skal vere planlagt og organisert som utviklingsprosjekt. Kvalitet og gjennomføringsevne blir vektlagde.

Kva kan det ikkje søkast støtte til?

  • Prosjekt i regi av fylkeskommunane
  • Statlege, fylkeskommunale, kommunale og lovpålagde oppgåver.
  • Drift og/eller investeringer.
  • Etablering og utvikling av enkeltbedrifter (bedriftsretta verkemiddel blir forvalta av Innovasjon Norge).

Kor mykje kan det søkast om?

  • Ordninga har ei totalramme på 6 mill. kroner i 2026.
  • Tilskotet skal som hovudregel ikkje overstige 50 % av prosjektfinansieringa.

Korleis blir søknadene vurderte?

Følgjande kriterium blir prioriterte:

  • Prosjekt som best støttar opp om formålet med ordninga.
  • Prosjekt som gir nytte og overføringsverdi for heile kystskogbruket.
  • Nye samarbeid som kan styrkje samhandlinga i kystskogbruket.
  • Tiltaket må ha utløsande effekt ved bruk av midlane.

Kva vilkår blir stilte?

Dersom søknaden blir innvilga, får søkjar tilskotsbrev med tilhøyrande vilkår. Desse må lesast nøye, då dei er grunnlaget for krav om utbetaling.

Tilskotsordninga blir forvalta i tråd med gjeldande retningslinjer og regelverk for statsstøtte innanfor EØS-avtalen.

Søknadsprosess

Søknad skal opprettast og fyllast ut i www.regionalforvaltning.no. Det er Trøndelag fylkeskommune som behandlar søknadane. Meir om ordninga finn de på nettsidene til Trøndelag fylkeskommune

Kontakt

Spørsmål til denne utlysinga: 

Andre spørsmål om arbeid med kystskogbruket i Møre og Romsdal