Masterstipend

Fylkeskommunen utlyser årleg stipend til masteroppgåver som bidreg til kunnskapsutvikling om aktuelle problemstillingar i fylket. Ordninga består av hovudtema kultur, kompetanse og næring.

Masterstipenda er på 25 000 kroner og blir gitt til studentar som skriv ei masteroppgåve som bidreg til kunnskapsbygging om Møre og Romsdal og som belyser aktuelle problemstillingar i fylket. Masteroppgåva må bli levert våren 2027.

Det er forventa at ein student som mottek stipend skal presentere masteroppgåva si for fylkeskommunen når ho er ferdigstilt og at studenten bidreg med råd og innspel til fylkeskommunen med bakgrunn i oppgåvearbeidet og funn.

Kva kan du bruke stipendet til?

Masterstipendordninga er delt inn etter fagområde og utvalde tema under kvart område. Du finn ei oversikt over fagområda lenger nede på sida.

Nokre krav gjeld alle fagområda: 

  • Masteroppgåva skal belyse ei aktuell problemstilling i Møre og Romsdal
  • Minst ei av einingane i undersøkinga skal vere lokalisert i Møre og Romsdal

Kven kan søke stipendet?

Alle masterstudentar som leverer oppgåve våren 2027 kan søke. Det kan likevel gjerast unntak for studentar som skal levere hausten 2027, etter dialog med fylkeskommunen.

Der søknadar er jamne vil vi prioritere studentar med tilknyting til fylket.

Slik vurderer vi søknadane

Søknadane blir vurderte ut i frå: 

  • Om oppgåva er relevant sett opp mot utlysinga 
  • Korleis resultata kan nyttast i praksis og bidra til vidare utvikling i fylket. 
  • Kor realistisk og gjennomførbar planen for masteroppgåva er.
  • Fagleg kvalitet på problemstilling, metode og prosjektbeskriving.

Hovudtema for masterstipendet

Vi lyser ut inntil åtte stipend, fire på kvart fagområde. Fagområda har eigne tema og desse blir rullerte årleg. Kulturområdet har opone tema, kompetanse- og næring har meir spesifikke tema.

Masterstipend på kulturområdet

Kontaktperson: Mona Fluge (kontaktinfo nedst på sida)

 

Masterstipend på kompetanse- og næringsområdet

Kontaktperson: Øyvind Tveten (kontaktinfo nedst på sida)

Ta òg gjerne ein titt på oversikta over tidlegare stipendmottakarar, tema og oppgåver.

Søknadsfrist

Søknadsskjema opner for nye søknadar 1. september og har søknadsfrist 15. november.

Relevante dokument

Fylkestrategi for kultur - Meining, meistring og motstandskraft 2026 - 2030

Fylkesstrategi for kompetanse 2024–2027

Fylkesstrategi for forsking og innovasjon 2025–2028

- Grønt industriløft

Tidlegare oppgåver

Her ser du ei oversikt over dei som har fått masterstipend frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Før 2023 var masterstipendet berre til oppgåver innanfor kulturområdet.

Tidlegare mottakarar av masterstipendet
ÅrMottakarTema for oppgåva
2025Sebastian Risan NakkenNår drømmen møter stresset: En studie av stressfaktorer og mestringsstrategier hos akademispillere
2025Emilie Rebekka PinåsHvilken rolle har skolehelsetjenesten i det tverrfaglige samarbeidet om bekymringsfullt skolefravær
2025Marthe Holm ThomassenHvordan påvirker implementeringen av digitale alarmsystemer arbeidspraksis, ansvar og etiske vurderinger i hjemmetjenesten i Molde kommune
2025Karoline AskerødSirkulærøkonomi som diskurs: makt og bærekraft i Møre og Romsdal
2025Martin Hugubakken NessethHvordan fremstilles vindkraft som løsning og som problem i styringsdokumenter og mediediskurser i Møre og Romsdal
2025Martine Alexandra Kvisgaard BorgundDokumentarfilm om russemusikk, språk og likestilling
2025Thor-Olav MoeHvordan økosystembasert planlegging kan skape grunnlag for bedre beslutningsprosesser i sjøområder
2025Hedda Tomine Braathen Åkenes-JohnsenHvordan kan prinsippene for serendipitet og Stop moment, kombinert med workshopsarbeid, fungere som rammeverk for utvikling av kunstnerisk prosjekt.
2024Kalani Sashanthika Gimhani Rathnayake MudiyanselageDiet identification of tunicates – Ciona intestinalis
2024Anette Rudå FjellsjøEldre og digitalisering
2024Julia Amena Haugen KadioHvordan utvikle høyere utdanningsinstitusjoner gjennom styringnettverk i en distriktsposisjon
2024Vicky-Lynn Spencer BrastadStyring av masseturisme
2024Min Ching NgaiLeveraging Green Public Procurement to Achieve Climate Goals
2024Linda Kari RakvågDet musiske imperativ i klasserommet
2023Thomas André ÅdnanesA qualitative comparative analysis of education for sustainable development through learning in Norway and Wisconsin
2023Helene Maria Nygaard ReiteHvilke faktorer er avgjørende i for valg av programfag i studieforberedende utdanningsløp ved Molde videregående skole
2023Elise Kristin Nedrelid GjermundrødMed utgangpunkt i internasjonal ledelsesteori; hva mener toppledere i Den Maritime Klyngen er god ledelse, og i hvilken grad samsvarer dette med internasjonal og norsk teori om ledelse?
2023Tomas Do Prado CoelhoMotivations of immigrants to volunteer in sports organizations in Norway
2023Karl Jermstad og Nora Linnea SolheimVevet i tid – En transformasjon av industriell kulturarv på Tingvoll
2023Birte Slettevoll«Til den andre». Ein autoetnografisk studie av eit kunstnarisk prosjekt i skjeringspunktet mellom eigen musikalsk identitet og folkemusikk
2023Inger Helen Skarshaug Breivik og Solveig Bae NordalHelsesykepleiers erfaringer med bruk av en kunnskapsbasert nettportal i møte med ungdommer med psykiske helseplager i skolehelsetjenesten