Miljøprisen

Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut ein miljøpris. Miljøprisen skal vere ein stimulans til miljøarbeidet i Møre og Romsdal, og blir tildelt for særleg fortenestefullt arbeid innafor områda berekraftig utvikling, klima, biomangfald, forureining eller alternativ og fornybar energi.

Miljøprisen består av eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner

Prisen kan tidelast enkeltpersonar, grupper, organisasjonar, skolar, bedrifter, institusjonar, kommunar ellerandre som har gjort ein særleg god innsats for miljøarbeidet i fylket. 

Kompetanse- og næringsutvalet avgjer kven som blir tildelt miljøprisen, og prisen blir delt ut under fylkestingssamlinga i desember.

Fristen for å sende inn forslag er gått ut. Ny utlysing kjem hausten 2025.

Tidlegare vinnarar av miljøprisen

Tidlegare vinnarar av miljøprisen
ÅrNamnKommune
2024Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsrådAlle
2023Hogstein AgroGiske
2022Nordic WildfishGiske
2021Gomalandet SFOKristiansund
2020Vartdal Plast ASØrsta
2019Ulrik Sandøy SørensenKristiansund
2018SødahlhusetRauma
2017Plastfritt GiskeGiske
2016Smøla Klekkeri og Settefisk ASSmøla
2015Stranda Prolog ASAverøy
2014Naturvernforbundet Møre og RomsdalTingvoll
2013Standal knuseverk ASØrsta
2012Alv Ottar FolkestadVolda
2011NORSØKTingvoll
2010Olav ByeTingvoll
2009Runde MiljøsenterHerøy