Møremusikarordninga: Arrangørtilskot til innleige av profesjonelle frilansmusikarar

Arrangørar kan søke om tilskot til å leige inn profesjonelle musikarar.

Den årlege ramma er 750 000 kroner.

Kva kan du søke støtte til?

Som arrangør kan du søke om tilskot til honorar og reisekostnader til innleigde og
namngitte enkeltmusikarar som skal medverke i desse arrangementa:

  • alle typar konsertar
  • instruksjonsoppdrag
  • akkompagnement
  • arrangering og komponering i samband med konsertar
  • assistansespel i amatørensemble
  • profesjonelle ensemble
  • kulturelle innslag ved f.eks. kurs, konferansar og møter, solistoppdrag, kursverksemd

Det blir ikkje gitt støtte til arrangement som har blitt gjennomført før søknadsfristen.
Arrangement får ikkje støtte når framføringsdato er under 4 veker etter søknadsfrist.

Les dei fullstendige retningslinjene for Møremusikarordninga her (PDF, 134 kB).

Kven kan søke?

  • Konsertarrangørar
  • Kulturinstitusjonar
  • Det frivillige musikklivet
  • Det lokale næringslivet

Arrangøren har ansvar for å planlegge, organisere og gjennomføre prosjektet. Dei har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arrangementet. Det er denne arrangøren som skal sende inn søknaden.

Kven kan ikkje søke støtte?

  • Kommunar inkludert kulturskolar
  • Fylkeskommunen
  • Undervisningsinstitusjonar
  • Arrangørar av private arrangement

Formål

Tilskotsordninga skal bidra til å sikre gode profesjonelle musikktenester til kulturlivet og å legge til rette for kulturarrangement med høg kvalitet i Møre og Romsdal.

Ved å støtte dei profesjonelle musikarane sin kunstnarlege aktivitet legg også ordninga til rette for at fleire kan bu og leve av kunsten sin i fylket vårt.

Tilskotsordninga skal bidra til å nå måla i planverket til fylkeskommunen.

Du kan òg leige inn andre profesjonelle musikarar enn dei som står på lista under.

Generelle krav som må oppfyllast

  • Ein profesjonell musikar må ha kunstfagleg utdanning på bachelornivå eller høgare eller kunne vise til kunstfagleg realkompetanse og profesjonell verksemd.
  • Tilskotet frå fylkeskommunen skal synleggjerast ved marknadsføring.
  • Innleigde profesjonelle musikarar skal behandlast likt og lønnast etter bransjestandard. Arrangørane skal bruke Creo sine frilanssatsar eller nasjonale satsar for Den kulturelle skolesekken (DKS).
  • Godtgjering for reise, diett og eventuell overnatting skal skje etter Statens regulativ.

For å fremme tilgjengelegheit og inkludering oppfordrar vi alle søkarar til å bruke prinsippa om universell utforming. Da kan prosjekt og tiltak vere tilgjengelege for alle deltakarar uavhengig av fysiske eller kognitive føresetnadar.

Søknadsfrist

15. januar, 15. mars, 15. mai, og 1. oktober

Send inn din søknad

Rapportering

Send inn rapportering

Skal du rapportere på ei tildeling du fekk i den gamle portalen (Regionalforvaltning)? Da kan du følge denne lenka.

Ei presisering om kulturtilskot

Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men ikkje ei garanti. Tildelinga skjer ut frå fastsette retningslinjer, krav og prioriteringar, som er opne og tilgjengelege for alle.

Tilskotsmidlane er avgrensa, og det kjem ofte fleire søknadar enn det er midlar til. Derfor vurderer fylkeskommunen søknadane etter ei heilskapleg skjønnsutøving. Sjølv søknadar som oppfyller alle krava, kan få avslag eller ein lågare sum enn søkt beløp.

For å kunne gi tilskot, må vi ha nok midlar i budsjettet.

Relevante lenker

Desse har fått tildeling og avslag