Offentleg-privat samarbeid

Søk støtte til prosjekt som skal bidra til at det offentlege og private samarbeider for å løyse utfordringar i kommunal  sektor.

Formål:

Ordninga skal bidra til å betre samhandlinga mellom bedrift, kommune og verkemiddelapparatet og gi gründerar/oppstartselskap som rettar seg mot offentleg sektor betre moglegheiter for å lukkast med prosjektidéane og gi offentleg sektor betre løysingar enn det som er tilgjengeleg i dagens marknad. Ordninga skal særleg mobilisere til samarbeid med oppstartselskap, men dette er ikkje eit krav.

Ordninga støttar særleg opp om mål for verdiskapingsfylket; Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt leiande næringsliv og innovativ offentleg sektor.

Målgruppe:  Kven kan søkje?

Kommunar

Vilkår: Kva kan det søkjast om støtte til?

Prosjekta som får støtte skal bidra til offentleg-privat samarbeid for å løyse utfordringar i kommunal sektor. Prosjekt som bidrar til berekraftige løysingar blir prioritert, og då særleg utfordringar som har utgangspunkt i berekraftkartlegginga som er gjennomført i regionen.

Tilskotet skal dekke kostnader leverandøren har knytt til utvikling av løysinga i kommunen, inkludert eventuelle kostnader knytt til rådgiving frå inkubatormiljø.

Avgrensing: Kva kan det ikkje søkast om støtte til?

Kommunane må stille med eigeninnsats og må sette av tid og ressursar til utviklingsløpet. Kommunen vil i prosjektet vere utviklingspartner saman med valt leverandør.

Maks tilskotsprosent og/eller tilskotsbeløp per prosjekt

Maks 450 000 kroner per prosjekt

Evalueringskriterium: Kva vert lagt vekt på ved vurdering av søknaden?

  • Prosjektet må ha ein tydeleg eigar og vere godt forankra internti kommunen.
  • Prosjektet må la seg gjennomføre innan rammene for ordninga.
  • Søkjer må synleggjere korleis prosjektet tek omsyn til FN sine berekraftmål.
  • Regional relevans, dvs. kor godt prosjektet treff behova i kommunar i Møre og Romsdal.
  • Fylkeskommunen vil prioritere søknadar der fleire kommunar samarbeider.
  • Prosjektorganisering og gjennomføringsevne.

Søknadsfrist

Vi tar i mot søknader fortløpande

Send søknad på regionalforvaltning

Kontakt

Anna-Marie Hatlestad

Rådgivar
Telefon: 71 28 02 11