Omstilling og utvikling i område med særlege distriktsutfordringar
Søk støtte til prosjekt som kan styrke utviklingskapasiteten og auke attraktiviteten for busetjing og næringsetablering i kommunane.
Kva kan du søke støtte til?
Det kan bli gitt tilskot til tre formål frå denne ordninga:
- Bistand og rettleiing til distriktskommunar: Mål for ordninga er auka utviklingskapasitet og strategisk arbeid i distriktskommunar, gjennom blant anna nye måtar å løyse oppgåver, og styrka strategisk samfunnsplanlegging. Fylkeskommunen kan nytte denne ordninga:
- i målretta prosjekt som fylkeskommunen står ansvarleg for, til nytte for ei eller fleire kommunar saman
- til innkjøp av konsulent- og prosessbistand som kjem dei aktuelle kommunane til gode
- til målretta forsterking og kompetanseutvikling av fylkeskommunen sin eigen rettleiingskompetanse og -kapasitet
- til forsterka rettleiing og bistand frå fylkeskommunen til kommunar, knytt til plan- og strategiprosessar i kommunane.
- Tilskot til kommunar med langvarig nedgang i folketal og sysselsetjing av særleg omfattande grad: Mål for ordninga er auka attraktivitet for busetjing og næringsliv, og å styrke kommunane sin kapasitet til å handtere situasjonen. Kriteria for måloppnåing vil vere:
- auka kapasitet og evne til utviklingsarbeid i kommunen
- auka attraktivitet for busetjing og næringsetablering
- Tilskot til omstilling i kommunar eller regionar med vesentleg fall i sysselsetjinga over relativt kort tid: Mål for ordninga er å styrke næringsgrunnlaget og bidra til etablering av nye arbeidsplassar i kommunar eller regionar med vesentleg nedgang i sysselsetjinga over relativt kort tid. Kriteria for måloppnåing vil vere:
- styrka utviklingskapasitet
- auka kompetanse for næringsutvikling i kommunen og regionen
- auke i tal arbeidsplassar
Kven kan søke?
Kommunar, næringsforeiningar eller andre organisasjonar med lokal nærings- og samfunnsutvikling som formål.
Søk støtte på Regionalforvaltning