Omstilling til framtidsretta lokalsamfunn

Kommunar og organisasjonar kan søke støtte til lokal næringsutvikling og rekruttering, omstilling, berekraftig reiseliv eller offentleg-privat innkjøpssamarbeid.

Målet med ordninga

Ordninga skal bidra til å omstille lokalsamfunn for framtida og styrke kommunane sin kapasitet til å planlegge og gjennomføre utviklingsarbeid.

Vi prioriterer område med særlege distriktsutfordringar og prosjekt tufta på eit privat-offentlege partnarskap.

Søk her

Kven kan søke?

Både kommunar og andre organisasjonar som driv lokal eller regional nærings- og samfunnsutvikling kan søke støtte. 

Kva kan du søke støtte til?

Prosjekt som kan styrke lokal næringsutvikling, og bidra til attraktivitet, rekruttering og inkludering av arbeidskraft

Du kan søke støtte til tiltak som kan gi auka attraktivitet for busetting og næringsliv, og styrke kommunane sin kapasitet til å drive utviklingsarbeid.

Dette kan vere prosjekt som tenker nytt om rekruttering og inkludering av arbeidskraft eller som prøver ut nye former for arbeidsfellesskap, bustadsutvikling eller anna som bidrar til meir attraktive lokalsamfunn.

Kontakt: May Britt Roald, rådgivar, telefon: 71 28 03 47, Send e-post

Omstilling som følge av nedgang i folketal og sysselsetting

Du kan søke støtte til tiltak som skal styrke næringsgrunnlaget og bidra til etablering av nye arbeidsplassar. Kommunar med stort tap av arbeidsplassar og folk over kortare eller lengre tid blir prioriterte. 

Kontakt: May Britt Roald, rådgivar, telefon: 71 28 03 47, Send e-post

Utvikling av eit berekraftig reiseliv – heile året!

Du kan søke støtte til prosjekt som legg til rette for verdiskapande opplevingar i heile Møre og Romsdal - heile året. Dette er ei satsing som bygger på nasjonale og regionale målsettingar for berekraftig reiseliv og besøksforvaltning, og kan mellom anna innebere fellestiltak for kompetanseheving, samarbeid for utvikling av nye attraksjonar og anna innovasjonsarbeid som bidrar til å auke verdiskapinga i reiselivsnæringa til Møre og Romsdal.

Kontakt: Lillian Sæther, rådgivar, telefon: 71 28 01 23, Send e-post

Innkjøpssamarbeid mellom offentlege og private for å finne nye løysingar

Ønsker du å utvikle ei ny løysing som kan løyse utfordringar i kommunen din? Då kan du søke om støtte til å gjennomføre eit innkjøpssamarbeid mellom offentlege og private aktørar.

Støtta skal dekke kostnadar for leverandørar som utviklar ei ny løysing, inkludert utgifter til rådgiving frå innovasjonsmiljø. For at alle leverandørar skal få like moglegheiter, og for å sikre ein rettferdig og open prosess, må utviklingsarbeidet følge reglane for offentlege innkjøp. Dette betyr at du berre kan få støtte der prosjektet blir gjennomført som ein del av ein offentleg anbodskonkurranse.

Kontakt: Anna-Marie Hatlestad, rådgivar, telefon: 71 28 02 11, Send e-post