Utvikling av framtidsretta lokalsamfunn

Kommunar og organisasjonar kan søke støtte til lokal næringsutvikling og rekruttering, omstilling, berekraftig reiseliv, offentleg-privat innkjøpssamarbeid eller tettstadutvikling.

Målet med ordninga

Ordninga skal bidra til å utvikle lokalsamfunn for framtida og styrke kommunane sin kapasitet til å planlegge og gjennomføre utviklingsarbeid.

Vi prioriterer område med særlege distriktsutfordringar og prosjekt tufta på offentleg-privat samarbeid.

Søk her

Kven kan søke?

Både kommunar og andre organisasjonar som driv lokal eller regional nærings- og samfunnsutvikling kan søke støtte. 

Kva kan du søke støtte til?

  • Utvikling av eit berekraftig reiseliv – heile året!

    Du kan søke støtte til prosjekt som legg til rette for verdiskapande opplevingar i heile Møre og Romsdal, året rundt. Satsinga bygger på nasjonale og regionale mål for berekraftig reiseliv og besøksforvaltning. 

    Aktuelle prosjekt kan vere fellestiltak for kompetanseheving, samarbeid om  utvikling av nye attraksjonar eller anna innovasjonsarbeid som aukar verdiskapinga i reiselivsnæringa.

    Kontakt: Lillian Sæther, rådgivar, telefon: 71 28 01 23, Send e-post

  • Innkjøpssamarbeid mellom offentlege og private for å finne nye løysingar

    Ønsker du å utvikle ei ny løysing som svare på utfordringar i kommunen? Då kan du søke støtte til å gjennomføre innkjøpssamarbeid mellom offentlege og private aktørar.

    Støtta kan dekke kostnadar for leverandørar som utviklar nye løysingar, inkludert rådgiving frå innovasjonsmiljø. For å sikre like moglegheiter og rettferdig prosess, må utviklingsarbeidet følge reglane for offentlege innkjøp. Det betyr at prosjektet må gjennomførast som ein del av ein offentleg anbodskonkurranse.

    Kontakt: Anna-Marie Hatlestad, rådgivar, telefon: 71 28 02 11, Send e-post

  • Tettstadutvikling

    Midlar til tettstadutvikling skal bidra til attraktive og levande kommunesenter i Møre og Romsdal. Målgruppe er alle kommunesentra, med unntak av regionsentra Ålesund, Molde og Kristiansund. 

    Kommunar kan få tilskot til gjennomføring av mellom anna stadanalysar, arkitektkonkurransar og detaljplanlegging av offentlege byrom. I 2026 er det ikkje tilskotsmidlar til fysiske tiltak. 

    Kontakt: Ingvild Gjerdset, rådgivar, telefon: 71 28 03 44, Send e-post