Ramma for ordninga er 250 000 kroner. Det vil blir gjort fem tildelingar, på 50 000 kroner på kvar.
Kva kan du søke støtte til?
Produksjon og utvikling av åndsverk som eit publikum skal oppleve og/eller delta i, som for eksempel:
- Produksjon og ferdigstilling av materiale
- Tilrettelegging og distribusjon
- Produksjon og formidling av lydopptak, konsertverksemd og komponering (f.eks. innspeling og turné)
- Produksjon og formidling av scenekunst
- Manusutarbeiding og andre former for tekstproduksjon
- Produksjon og formidling av film
- Produksjon og formidling av visuell kunst, f.eks. foto, bildekunst, kunsthandverk, performance
Du kan òg få støtte til samansette prosjekt som fell innanfor kategoriane nemnt ovanfor.
Det gis ikkje støtte til:
- Pilot- og forprosjekt
- Kostnadar til teknisk bistand og utstyr og innkjøp av rekvisittar
- Seminar, studiereiser eller utgifter til kurs/utdanning
- Prosjekt som allereie er gjennomført
Kven kan søke?
Profesjonelle kunstnarar og kunstnarlege fagmiljø frå det frie feltet innan alle kunstuttrykk og sjangrar
Kunst- og kulturinstitusjonar med vesentleg offentleg støtte kan vere samarbeidspart i prosjektet, men ikkje stå som søkar.
Det blir ikkje gitt tilskot til amatørverksemd, men det kan bli gitt tilskot til profesjonelle sitt bidrag i samarbeidsprosjekt mellom profesjonelle og amatørar.
Alle søkarar må vere folkeregistrert i Møre og Romsdal.
Formål
Ordninga skal bidra til å vidareutvikle eit mangfaldig og tilgjengeleg profesjonelt kunst- og kulturtilbod for befolkninga ved å:
- stimulere til auka kunstfagleg produksjon av høg kvalitet
- stimulere til auka kunstfagleg formidling av høg kvalitet
- gi utøvarar innan alle uttrykk moglegheit å arbeide med gode, tidsavgrensa prosjekt
- stimulere til auka visning av kunst og kultur i heile fylket
Søknadsfrist
1. april
Støtteordninga opnar for nye søknadar tysdag 18. februar, seks veker før søknadsfristen 1. april 2024.
Send inn din søknad
Rapportering
Send inn rapportering
Skal du rapportere på ei tildeling du fekk i den gamle portalen (Regionalforvaltning)? Da kan du følge denne lenka.
Retningslinjer
Les dei fullstendige retningslinjene for tilskot til prosjektstøtte til profesjonell kunst og kultur (PDF, 95 kB).
Relevante dokument
Vi saksbehandler etter målsettingene i desse dokumenta.
Fylkesplan 2021–2024
Fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer 2022–2025
Ei presisering om kulturtilskot
Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men ikkje ei garanti. Tildelinga skjer ut frå fastsette retningslinjer, krav og prioriteringar, som er opne og tilgjengelege for alle.
Tilskotsmidlane er avgrensa, og det kjem ofte fleire søknadar enn det er midlar til. Derfor vurderer fylkeskommunen søknadane etter ei heilskapleg skjønnsutøving. Sjølv søknadar som oppfyller alle krava, kan få avslag eller ein lågare sum enn søkt beløp.
For å kunne gi tilskot, må vi ha nok midlar i budsjettet.