Reiseliv – attraktivitet gjennom berekraft

Søk støtte til prosjekt som bidrar til ei berekraftig reiselivs- og opplevingsnæring i fylke.

Formål

Ordninga skal støtte utviklingsprosjekt som bygger opp under posisjonen «Møre og Romsdal som opplevingsfylke nr. 1 i Norge». Prosjekt skal bidra til å skape og spre aktivitet i heile Møre og Romsdal - heile året, og bygge på målsettingar for eit berekraftig reiseliv i Scenario 2030: «Attraktivitet gjennom berekraft»​ 

Målgruppe: Kven kan søkje?

Destinasjonsselskap, kommunar eller andre utviklingsaktørar

Vilkår: Kva kan det søkjast om støtte til? 

  • Utviklingstiltak for reiseliv- og opplevingsnæringane. Det kan til dømes vere:
  • Kompetanseheving
  • Forstudie og forprosjekt for utvikling av nye attraksjonar
  • Tiltak som kan fremme forsking og innovasjonsarbeid i reiselivet
  • Andre fellestiltak som bidrar til berekraftig utvikling av reiseliv og opplevingsnæringane i Møre og Romsdal 

Avgrensing: Kva kan det ikkje søkast om støtte til? 

  • Utvikling av enkeltbedrifter
  • Marknadsføring, mellom anna utarbeiding av marknadsmateriell, brosjyrar, portalar/nettsider, infoskilt, digitale verktøy m.m.
  • Utarbeiding av «masterplaner» eller andre kommunale planer for reiseliv 

Søknadsfrist:

Vi tar i mot søknadar fortløpande.

Send søknad på regionalforvaltning.no

Kontakt

Lillian Sæther

Rådgivar
Telefon: 71 28 01 23