Skaparkraft - Grøne industrielle løft

Bedriftssamarbeid, klynger, innovasjonsselskap m.fl. kan søke støtte til forprosjekt til sirkulære verdikjeder og industrielle symbiosar.

Målet med ordninga

Ordninga skal styrke eksportnæringane i fylket og stimulere til utvikling av nye grøne næringar.

Søk her

Kven kan søke?

Både bedriftssamarbeid, klynger, innovasjonsselskap, forskingsaktørar, UH-institusjonar, næringsforeiningar og andre utviklingsaktørar kan søke støtte som dei av eit prosjektpartnarskap (konsortium). 

Prosjektpartnarskapet må bestå av minst tre partnarar. Minst to av aktørane i partnarskapet må vere bedrifter.

Kva kan du søke støtte til?

Du kan søke støtte til eit forprosjekt eller forstudie der målet er å utvikle sirkulære verdikjeder og industrielle symbiosar som styrkar Møre og Romsdal si globale konkurransekraft. Utvikling eller bruk av smart teknologi, særleg kunstig intelligens, kan også vere ein del av prosjektet. 

Forprosjektet skal legge tydeleg til rette for framtidige større prosjektsøknader gjennom nasjonale eller internasjonale finansieringsordningar og ha klare moglegheiter for vidare utvikling. Du kan få inntil 1 mill. kroner i tilskot til ei prosjektperiode på maksimalt eitt år

Ei sirkulær verdikjede er ein bedriftsmodell eller produksjonsprosess som er designa for å redusere avfall og negative miljøpåverknadar ved å gjenbruka av materialar og ressursar så lenge som mogleg. Målet med sirkulær verdikjede er å skape ein meir berekraftig økonomi ved å forlenge produktets levetid og redusere behovet for nye ressursar.

Industriell symbiose er ein strategi for å oppnå sirkulær økonomi ved at verksemder innan eit geografisk avgrensa område samarbeider om å bruke kvarandre sine ressursar som eksempelvis material, energi, vatn og andre biprodukt.

I denne ordninga blir det også lagt vekt på i kva grad prosjektet bidrar til:

  • Reduksjon i klimagassutslepp
  • Forbetra tilstand for naturmangfald og miljø, arealbruk
  • Kompetanseheving i regionen