Presiseringar
Kulturtilskot er eit gode du kan søke om å få, men ikkje noko du har krav på. Tildelinga skjer på bakgrunn av retningslinjer, krav og prioriteringar. Desse er gjort kjent på førehand.
Tilskotsmidlar er eit knappleiksgode. Det betyr at det er mindre pengar tilgjengeleg enn det som blir søkt om. Derfor gjer fylkeskommunen ei vurdering av søknadane basert på skjønn. Dette betyr også at gode søknadar, som er i tråd med retningslinjene, kan bli avslått eller få mindre støtte enn det de har søkt om.
Vi er avhengig av nok pengar i budsjettet for å kunne gjere tildelingar.
Kva er spelemidlane?
Spelemidlar er overskotet frå spela som Norsk Tipping driv. Ein stor del av overskotet blir fordelt til idrettsformål. Den største delen går til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet i kommunane.
Kva kan du søke støtte til?
Du kan søke om tilskot til å bygge og eller rehabilitere idrettsanlegg. Anlegget kan ikkje vere drive kommersielt.
- Ordinære anlegg, anten det er bygging eller rehabilitering, må ha ein minimumskostnad på 150 000 kroner for at du skal kunne få støtte.
- Nærmiljøanlegg må ha minimumskostnad på 50 000 kroner.
Kven kan søke?
Dei som kan søke om spelemidlar er hovudsakleg kommunar, idrettslag, og enkelte friluftslivsorganisasjonar. Andre samanslutningar kan søke under visse vilkår. Vilkåra går fram av føresegnene for spelemidelordninga. I tillegg kan velforeiningar, burettslag og bygdelag søke om tilskot til nærmiljøanlegg.
Formål
Ordninga skal bidra til at ein større del av befolkninga får moglegheit til å drive idrett og fysisk aktivitet. Barn og ungdom er hovudmålgruppa i spelemidelordninga.
Korleis søker du støtte?
- De bør ta kontakt med kontaktperson for spelemidlar i kommunen for å informere om planane dykkar før de søker om midlar . Hovudregelen er at anlegget skal vere del av ein kommunal plan, og dette kan spelemidelkontakten i kommunen hjelpe til med. Sjekk også fristen for å sende inn søknaden til kommunen.
- Registrer søknaden i søknadsportalen på anleggsregisteret.no
- Søknaden dykkar blir sendt til kommunen, som går gjennom søknaden din. Anlegget det blir søkt om må vere registrert i ein kommunal plan (unntak for nærmiljøanlegg).
- Kommunen sender søknaden din vidare til fylkeskommunen, innan 15. januar, på vegner av organisasjonen eller laget ditt.
- Fylkeskommunen behandlar søknadane frå alle kommunar og sender dei inn til Kultur- og likestillingsdepartementet, som deretter fordeler midlane til fylkeskommunen.
- Kva prosjektsøknadar som får tilskot, blir vedtatt i kultur- og folkehelseutvalet i juni kvart år.
- Fylkeskommunen sender deretter ut svarbrev til alle søkarar.
Søknadsfrist
- Frist for ordinære søkarar: Før de registrerer søknaden dykkar i anleggsregisteret.no, må de sjekke at de sender søknaden innan fristen for kommune dykkar. Alle kommunar har eigne søknadsfristar.
- Frist for kommunar til å sende søknadane til fylkeskommunene: 15. januar
Krav til søknaden
Søknaden må innehalde:
- Teikningar med mål
- Kostnadsoverslag for prosjektet
- Dokumentasjon av verdi på eventuell dugnad
- Behovsvurdering
- Dokumentasjon på korleis prosjektet skal finansierast
- Eventuell dokumentasjon av større prosjektkostnadar
- Dokumentasjon på at du som søkar kan bruke grunnen der det skal byggast/rehabiliterast anlegg
Krav for tilskotet
For å søke om spelemidlar, bør du sette deg inn i kva vilkår og krav som gjeld for søknaden.
Rettleiaren “Bestemmelser om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet”
Anleggspolitikk for Møre og Romsdal for perioden 2021–2024 (PDF, 373 kB)
Korleis blir midlane utbetalt?
Når det er gjort eit vedtak, vil den som skal få tilskot motta eit tildelingsbrev med informasjon om korleis midlane blir tildelt.
Når arbeidet med anlegget er godt i gang, kan kommunen sende ein førespurnad om utbetaling til fylkeskommunen, på vegner av laget eller organisasjonen som er lova støtte. Kommunen skal gå god for at arbeidet med prosjektet er starta opp.
Send søknad på anleggsregisteret.no